Festivaltid: Køyr rusfritt i sommar

557 personar blei tatt for ruskøyring i Møre og Romsdal i fjor. 141 av desse i løpet av sommarmånadane. Trygg Trafikk og Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune har i år inngått eit samarbeid med musikkfestivalane med bodskap om rusfri køyring.

Mann i lilla t-skjorte står foran folkemengde med folkemengde og scene i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Trygg Trafikk

Trygg Trafikk Møre og Romsdal og Møre og Romsdal Fylkeskommune har inngått samarbeid med fire ulike musikkfestivalar i Møre og Romsdal med håp om at alle køyrer rusfritt heim frå festivalen.

I desse dagar går RaumaRock av stabelen, om nokre veker står Jugend 24 for tur i Ålesund.

- Det er alt for mange som vel å køyre med rus i kroppen. Det er fullstendig uakseptabelt. Det skal veldig lite til før det går alvorleg galt om du vel å køyre i rusa tilstand. Dessverre har vi for mange eksempel på at ruskøyring fører til tap av liv i ei utforkøyring, eller at venar som er passasjer i køyretøyet døyr, seier Per Gjerde, regionleiar i Trygg Trafikk i Møre og Romsdal.

Fryktar 140.000 daglege køyreturar med rus

Ifølge tidlegare tal frå politiet kan det forventast at det er 140.000 køyreturar kvar einaste dag som skjer i rusa tilstand. Omtrent 25 prosent av alle dødsulykker i trafikken er relatert til rus, anten alkohol, narkotika eller medisinar som ikkje kan takast i forbindelse med køyring.

- Allereie frå låg promille vil reaksjonsevna di svekkast, og du blir meir risikovillig. Dette er tilstandar som ikkje kan foreinast med å kome seg trygt heim frå festivalar. Det gjeld uavhengig om du køyrer bil, motorsykkel, moped og ikkje minst el-sparkesykkel, seier Gjerde.

Ber festivalgjestene planlegge heimturen sin i god tid

Trygg Trafikk samarbeider med dei største festivalane som blir arrangert i distriktet i sommar: Tahitifestivalen i Kristiansund, Jazzfestivalen i Molde, Rauma Rock i Åndalsnes og Jugend24 i Ålesund.

- Vi ønsker å vere synleg med bodskapet om å ta gode og bevisste val om å avstå frå køyring når du er ute og drikk alkohol eller tar andre rusmiddel. Vi er opptatt av at alle planlegg heimturen sin på same måte som dei planlegg korleis dei kome seg til festivalen i utgangspunktet. Ta eit bevisst val før du tar turen ut, anten om det blir å gå heim, ta taxi, kollektivtrafikk eller få avtalt skyss med andre som er edru, oppmodar Gjerde.