Fibersirkelen får millionstøtte – skal gi tekstilavfall nytt liv

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok einstemmig å støtte prosjektet Fibersirkelen, leia av Re-Tex AS frå Tingvoll, med inntil 1 million kroner.

Tilskotet er løyvd frå Skaparkraft-programmet.

Målet er å utvikle ein ny, sirkulær verdikjede for tekstilavfall i Møre og Romsdal – eit viktig steg mot grøn industrivekst og berekraftig ressursbruk.

Prosjektet er eit svar på nye krav frå EU og norske styresmakter om separat innsamling og materialgjenvinning av tekstilar frå 2025. I dag vert berre 25 prosent av tekstilavfallet samla inn separat, og under 3 prosent vert handtert i Noreg. Fibersirkelen skal kartleggje mengder, sorteringsmetodar og utvikle løysingar for å produsere isolasjonsmateriale frå tekstilavfall.

Konsortiet består av mellom anna renovasjonsselskap, tekstilbedrifter, forskingsinstitusjonar og utdanningsmiljø.

Fibersirkelen vil komplettere tidlegare Skaparkraft-prosjekt, Tekstur i Sykkylven og Tøye i Tomrefjord, ved å sjå på korleis det kan utviklast ein effektiv løysing for innsamling, sortering, transport og bearbeiding av tekstilavfall frå både kommunale avfallsselskap og næringslivet, for å produsere isolasjon.

Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet torsdag 23. oktober