- God informasjonsflyt er viktig for å ta i mot lærlingar på ein god måte, i følgje Fredrik Wicken, HR-konsulent på Brunvoll AS. Her i dialog med lærling Aleksander Gagnat.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Akkurat no skal over 1000 ungdomar starte i lære og utvikle seg som fagarbeidar i regionen. Korleis kan bedriftene legge til rette for at lærlingane får ein best mogleg start og god oppfølging?
Vi spurte Brunvoll, som gjennom åra har tatt i mot hundrevis av lærlingar, om korleis dei gjer det.
- For oss er det viktig å losje ungdommar trygt gjennom ei læretid og gi dei ein god start på arbeidslivet. Vi ønsker å gjere dei til så gode fagarbeidarar som råd, med god og jamn oppfølging, både fagleg og sosialt, seier Fredrik Wicken, HR-konsulent og lærlingkoordinator i Brunvoll.
Han har fire tips til lærebedriftene:
- Sørg for god informasjonsflyt, frå lærlingen kjem til intervju og fram til oppstart. Vi sender sms til kvar lærling før dei startar, for at han eller ho skal vite kva som skal skje og ikkje skal vere usikker.
- Samle alle lærlingar på oppstartsdagen. Vis fram bedrifta, fortel kva du forventar av lærlingen, vis forskjellen på jobb og skole og presenter nøkkelpersonar.
- La lærlingen forstå at dei er ei viktig brikke i noko større. Vi har kvartalsvise møte med alle tilsette der vi går gjennom nøkkeltal frå sal, HR og teknisk avdeling og minnar alle om at dei er ei viktig brikke i produksjonen. Dei må forstå at dei ikkje stablar stein, men bygger katedral.
- Køyr individuelle samtalar: Vi har samtale med alle lærlingar om både fagleg og sosial utvikling ein gong i halvåret. Dette er eit tiltak for å få innsyn i korleis lærlingane har det.
Wicken understrekar at tipsa ikkje er noko fasit.
- Men vi legg vekt på at lærlingane skal kjenne seg trygge, og på at dei skal føle at dei er ei viktig brikke i den store produksjonen. Det kan desse tiltaka bidra med, seier Wicken.
Brunvoll AS som lærebedrift
Industribedrifta Brunvoll leverer avanserte teknologiske løysingar til skipsindustrien i heile verda. Totalt har dei 600 tilsette, og 43 lærlingar, i åtte ulike lærefag. Bedrifta vart starta av tre brødre som sjølv var lærlingar, i 1912, og sidan har dei tatt i mot hundrevis av lærlingar. Frå 1968 er det registrert 331 som har hatt læretida si i Brunvoll, og av desse jobbar 133 framleis i bedrifta. I tillegg kan dei skilte med høg gjennomføring.
Lærebedrifter i Møre og Romsdal
- 1440 lærebedrifter
- 118 lærefag
- 2750 lærlingar.
Bli lærebedrift?
Ønsker bedrifta du å ta i mot ein lærling og bli lærebedrift? Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetsstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar. Bedrifta får tilskot for opplæringa, og lærlingen kan bli den gode fagarbeidaren bedrifta di treng. Les meir om å vere lærebedrift.