Fire kulturbygg får 5.377.000 kroner

Fire kulturbygg i høvesvis Rauma, Volda, Smøla og Kristiansund får til saman 5.377.000 kroner frå spelemidlane i 2026.

Fasade. - Klikk for stort bileteNormoria i Kristiansund. Ingvild Dverseth Sæter

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok fordelinga einstemmig 10. september 2026. Det Umulige Huset i Rauma får den største tildelinga på 2.000.000 kroner.

Volda samfunnshus får 1.689.000 kroner, Gurisentret på Smøla får 988.000 kroner, og Kristiansund bibliotek får 700.000 kroner. Biblioteket fekk også eit deltilskot på 1.300.000 kroner i 2025.

Skal utvikle lokale møteplassar

Tilskotet til Det Umulige Huset skal gå til å bygge om og rehabilitere eit eksisterande bygg. Målet er å skape ein møteplass med kreative verkstader og rom for musikk, dans og andre skapande aktivitetar. Ungdom er hovudmålgruppa.

I Volda skal samfunnshuset få mellom anna fritidsklubb, ungdomskafé, kinosal, intimscene og forsamlingslokale. Gurisentret skal rehabilitere amfiet og scena, medan tilskotet til Kristiansund bibliotek skal gå til investeringar i det nye biblioteket i kulturhuset Normoria.

Fekk ti søknadar

Fylkeskommunen fekk inn ti søknadar innan fristen 1. mai. Seks søknadar vart godkjende, og fire fekk tilskot i denne fordelinga. Prioriteringa bygger mellom anna på måla i fylkesstrategien for kultur, tidlegare ventetid og geografisk spreiing av midlane.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 10. september