Midlane kjem frå Skaparkraft-programmet, som har som mål å utvikle berekraftige verdikjeder og nye eksportnæringar.
Av dei åtte søknadane som kom inn til utlysinga «Grøne Industrielle løft», får desse prosjekt støtte:
- Seabed Nordic AS: Industrialisering av kråkebolle-verdikjeda (1.000.000 kroner)
- ÅKP AS / NCE Blue Legasea: SirkFôr – samarbeid for sirkulære fôrråvarer (1.000.000 kroner)
- Vindel AS: Forprosjekt OmBruk+ (1.000.000 kroner)
- Sintef Nordvest AS: Spylevatn i verftsindustrien (500.000 kroner)
Prosjekta skal bidra til å utvikle nye verdikjeder og styrke regionen si rolle i det grøne skiftet.
Kompetanse- og næringsutvalet vedtok å tildele midlane i møtet 4. desember. Tilskota kan dekke inntil 50 prosent av kostnadene og føreset fullfinansiering frå søkarane.
Skaparkraft har tre delprogram: Grøne industrielle løft, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet. Programmet skal stimulere til regional utvikling av verdikjeder med fokus på berekraft og eksport.
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 4. desember