Elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad (til venstre) og mobbeombod Kristin Øksenvåg.
Per-Kristian Bratteng
Elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad og mobbeombod Kristin Øksenvåg presenterte tysdag 13. oktober omboda sin årsrapport for 2025–2026 for fylkestinget. Dei løfta fram fire område dei meiner politikarane må følge opp.
Vil ha ein skole med plass til fleire
Omboda meiner skolane treng meir kompetanse om nevrodivergens og inkluderande praksis. Dei ber også skoleeigar følge med på elevar som får opplæring utanfor klassefellesskapet, og sikre at slike løysingar har heimel og er grunngitt.
Mobbeombodet fortalte fylkestinget at om lag ein tredel av sakene førre skoleår gjaldt elevar med nevrovariasjonar. Så langt dette skoleåret hadde dei fått 20 førespurnader, og 53 prosent handla om elevar med nevrovariasjonar som ikkje hadde eit trygt og godt skolemiljø.
Vil ta tak i årsakene til uro
Det andre bodskapet handlar om uro, vald og utryggleik i skolen. Omboda meiner politikarane må rette innsatsen mot årsakene til uro, ikkje berre svare med nye reglar og sanksjonar.
– Ein paragraf vil ikkje løyse problemet, var bodskapen til fylkestinget.
Elevane må få påverke
Omboda meiner elevmedverknad må vere meir enn at elevane får seie meininga si. Innspela deira må også kunne påverke avgjerdene som blir tatt.
Dei ønsker derfor å styrke elevdemokratiet og elevane si moglegheit til påverknad.
Vil redusere presset rundt russetida
Det fjerde bodskapet handlar om avgangsmarkeringa. Omboda meiner utanforskap kan starte lenge før russetida. Dei ber om at styresmaktene tar større ansvar for å redusere det kommersielle presset på ungdom.
Samtidig meiner dei at erfaringane til ungdommane må vere med og forme arbeidet med ei meir inkluderande avgangsmarkering.