Fiskekrok frå steinalderen funne ved Osen

Ein fiskekrok, som er anslått å vere meir enn 4.000 år gamal, vart nyleg funnen ved Kleive i Molde. Funnet er sjeldan, også i nasjonal målestokk.

Kvinne med fiskekrok. - Klikk for stort bileteLiv Karlsholm med fiskekroken. Agathe Smørholm

– Basert på form og materiale, er fiskekroken tolka til å stamme frå steinalderen, truleg mellom- eller seinmesolitikum, fortel arkeolog Agathe Smørholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mesolitikum (i Noreg ca. 8.000–4.000 f.Kr.) er den midtre tidsperioden av steinalderen, og eldre steinalder i Norden.

Melde frå til fylkeskommunen

Det var i førre veke at fylkeskommunen fekk ei melding frå Odd Svensson om eit funn han gjorde i eit elveutløp ikkje langt frå Osen, Kleive i Molde kommune. På ein tur langs sjøen nokre få meter opp frå det tidlegare elveløpet til Sotåa, fann Svensson og kona Liv Karlsholm ein fiskekrok i elvegrusen. Funnet vart rapportert til fylkeskommunen, og arkeolog Agathe Smørholm besøkte funnstaden nokre dagar seinare for å hente fiskekroken og undersøke området.

Funn frå steinalderen

Fiskekroken, som er laga av bein og er om lag tre til fire centimeter lang, har mothake og fire hakk for snørefeste. Den har hovudform frå steinalderen og er tolka til å vere frå steinalderen, truleg mellom- eller seinmesolitikum.

Bilde av fiskekrok. - Klikk for stort bileteFiskekroken er vel tre centimeter lang. Agathe Smørholm

– Det er fascinerande å sjå kor lite hovudutforminga har endra seg; fiskekrokar i dag er ikkje veldig ulike! Forma har tydelegvis fungert godt, uavhengig av materiale, seier arkeolog Agathe Smørholm.

Smørholm seier at den nærmaste parallellen til funnet er frå Vistehola i Rogaland, og Skipshelleren i Vestland.

– Nesten alle liknande funn frå steinalderen er gjort i holar og hellerar med djupt, feitt kulturlag, der beinkrokar har lege urørte i eit tørt klima. Slike forhold gjer at bein og anna organisk materiale kan bli bevart i fleire tusen år.

Spesielt, også nasjonalt

– Derfor er funnet på Sotåa i Osen utruleg spesielt og heldig, både lokalt og nasjonalt. På grunn av bevaringsforholda og omstenda for funnet, er det mest truleg at funnstaden er sekundært, seier Smørholm.

Finnaren, Odd Svensson, seier at området og elva har endra seg totalt etter kraftig vêr for nokre år sidan. Elva og utløpet har flytta seg fleire meter dei siste åra.

Kanskje har ein uheldig fiskar mista fiskekroken sin på botnen av sjøen under steinalderen, og så har uvêret vaska den fram igjen etter nokre tusen år? Forholda for bevaring må likevel ha vore svært gode over lang tid.

Kvinne står på elvegrusen. - Klikk for stort bileteLiv Karlsholm på staden der fiskekroken vart funnen. Agathe Smørholm