Arbeidet i Stordal og Eidsdal (bildet) skal blant anna sjå på korleis helse- og omsorgstenester, bustadar og møteplassar kan planleggast i samanheng. Bildet er frå oktober 2022.
Per-Kristian Bratteng
Midlane skal gå til kjøp av arkitektbistand, prosjektleiing og arbeid med bustadutvikling, tenester og møteplassar som skal styrke dei to bygdene si framtidige berekraft.
Einstemmig tilsegn
Kompetanse- og næringsutvalet behandla saka tysdag 17. mars og gav ei einstemmig tilsegn om støtta. Prosjekt har ei ramme på til saman 1.500.000 kroner. Fjord kommune stiller sjølv med like stor eigenandel, og fullfinansiering er eit vilkår før oppstart.
Fylkeskommunedirektøren løftar fram Fjord kommune som eit forbilde for andre distriktskommunar. Kommunen har over tid jobba systematisk med utviklingsplanar, bustadpolitikk og tettstadutvikling, og viser ifølge vurderinga korleis ein kan kople planlegging, tenester og stadutvikling for å løyse fleire behov samtidig. Sylteparken og Trebrygga i Valldal blir nemnde som døme på tidlegare vellukka satsingar.
Skal styrke lokalsamfunna
Arbeidet i Stordal og Eidsdal skal blant anna sjå på korleis helse- og omsorgstenester, bustadar og møteplassar kan planleggast i samanheng. Målet er både å styrke lokalsamfunna og legge til rette for at fleire kan bu heime lenger, tett på tenestene. Moglegheitsstudiane skal gi eit kunnskapsgrunnlag som seinare kan konkretiserast i reguleringsarbeid og lokale tiltak.
Fylkeskommunen meiner støtta vil vere utløysande for prosjektet og peikar på at planane kan få stor overføringsverdi for andre kommunar i Møre og Romsdal.
Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet tysdag 17. mars