– Fleire enn nokon gong slit med den psykiske helsa

Då Even Karpuz tok i mot Inkluderings- og mangfaldsprisen 2023 på vegner av BROR Mental Helse, sa han at det er fleire enn nokon gong som slit med den mentale helsa.

Frå tildelinga av prisen. - Klikk for stort bileteTildeling av Inkluderings- og mangfaldsprisen 2023. Frå venstre leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner, Even Karpuz i BROR Mental Helse og fylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

– Vi ser rundt oss at psykiatrien byggast ned. Det blir færre plassar, mindre økonomi, færre tilsette. Men: Det er fleire enn nokon gong som slit med den psykiske helsa. Derfor har vi trua på fleire lågterskeltilbod. Det er nettopp det BROR jobbar med, og det er nettopp derfor denne prisen betyr så mykje for oss, sa Karpuz til fylkestinget då han takka for prisen.

Han takka alle dei mennene som gjennom videoar på nettsida til BROR har fortalt historia si, og minte om at den mentale helsa treff alle i ulike periodar av livet. Og så peika han på politikarane i salen:

– Det er veldig vanskeleg å få til noko åleine, men vi har veldig tru på at vi saman kan få til alt. Mange av dykk som sit i salen her har spesielt viktige rollar, sa Karpuz, og fekk ståande applaus frå fylkestinget.

Siterte overskrift i kronikk

Det er kultur- og folkehelseutvalet som har valt prisvinnar, og utvalsleiar Jessica Gärtner innleia sin tale til fylkestinget med å sitere ei overskrift på ein kronikk som Svein Inge Lundli, leiar av Mental helse i Bø i Vesterålen, skreiv i 2023: «Store gutter gråter ikke, de tar livet av seg»

– Overskrifta treff like mykje i dag i 2024 her på talarstolen, som den gjorde i 2023, fordi det er snakk om våre søner, fedrar, sambuarar, ektefellar, venner og kollegaer, sa Gärtner. – I vårt samfunn i 2024 er det ofte framleis forventa at menn skal vere tøffe, urokkelege og at dei skal vere uavhengige. Å snakke opent om kjensler og spørje om hjelp kan opplevast som ein svakheit og som eit nederlag. Ein er liksom ikkje mann nok dersom ein slit psykisk. Men kjære dokker: Vi har alle ei mental helse, og den mentale helsa tar ikkje omsyn til kjønn. Og derfor er det så enormt viktig at vi bryt ned stigmaet rundt menn sin mentale helse. 

– BROR treff blink

Gärtner sa at ho er utruleg stolt over at inkluderings- og mangfaldsprisen går til BROR Mental Helse.

– BROR Mental Helse treff blink. Det er ein bedrift som vil at menn skal tørre å snakke om ting dei føler og om ting som opplevast vanskeleg. Der det er tillaten å vere seg sjølv og vere sårbar. Dei vil fjerne stigma, spreie kunnskap og oppmuntre til dialog. Vi vil takke BROR Mental Helse for det utruleg viktige arbeidet dei gjer. Eg seier det med deira eigne ord: Ein personleg kamp er sjeldan best å gå gjennom åleine.