«Dei sentrale styresmaktene si satsing på tannhelse, med auke i oppgåver for fylkeskommunen, blir vurdert positivt. Det utfordrar likevel fylkeskommunen med omsyn til ressursar til personell, økonomi og romkapasitet i dei noverande klinikklokala», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.
Det er fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, og fylkeskommunen er gjennom tannhelsetenestelova pålagd å ha tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, i rimeleg grad tilgjengeleg for alle som bor eller midlertidig er i fylket.
Fleire fekk lovfesta rett
I den nye tannhelsetenestelova som kom 1. juli i år, fekk fleire nye grupper lovfesta rett til tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta: Unge vaksne 21-24 år (75 prosent rabatt), fengselsinnsette i kriminalomsorga, rusmiddelavhengige i kommunal rusomsorg eller LAR. I tillegg blei det ved revidert nasjonalbudsjett klart at unge vaksne 25-26 år skal ha rett til eit tilbod på linje med gruppa 21-24 år.
Innstilling i tre punkt
Saka kjem til behandling i kultur- og folkehelseutvalet tysdag 10. september, og innstillinga frå fylkeskommunedirektøren er i tre punkt:
- Fylkeskommunedirektøren set i verk tiltak innanfor dagens klinikkstruktur for å gje eit tilbod til flest mogleg med rettar i den offentlege tannhelsetenesta.
- Der fylkeskommunen ikkje har tilstrekkeleg kapasitet, vil tannbehandling for enkelte grupper bli lagd ut på anbod. Fylkeskommunedirektøren vurderer kva grupper som skal leggjast ut på anbod.
- Fylkeskommunedirektøren vurderer også om ei utviding av opningstida kan vere aktuelt, for å utnytte eksisterande klinikklokale betre.
Møtedokument for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte tysdag 10. september 2024.