Fleire ungdom får syreskadar på tennene: - Stor tannhelseutfordring

Mens færre ungdomar i fylket får hol i tennene, aukar talet på syreskader. No tar den offentlege tannhelsetenesta grep.

Dei siste åra har salet av sure drikker, og særleg energidrikker, eksplodert.  Marknadsføringa mot ungdom er massiv, og resultatet er merkbart på klinikkane i den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

-Vi ser syreskadde tenner langt oftare enn før. Vi ser at tennene blir kortare og tynnare der syra har vaska vekk emaljen. Syreskadar har blitt den nye tannhelseutfordringa blant unge, og det må vi ta på alvor  , seier Inger Holmeset, folkehelserådgivar i tannhelsetenesta.

Syndarane er brus og energidrikker som etsar på tennene. Denne erosjonen fører til tynnare og svakare emalje som kan gi smerte og ising i tennene. Svekka emalje aukar ógså risikoen for anna tannskade og tannsjukdom.

- Syreskadar på tennene er varige. Emaljen som er borte, får du aldri tilbake, seier Holmeset.

Drikk på skolen

Energidrikke og brus er trendy å drikke, og lett å få tak i. Tal frå Bryggeriforeningen viser at salet av energidrikke nær dobla seg berre frå 2019 til 2022, og nordmenn ligg på Europa-toppen i brusdrikking med eit inntak på omkring 120 liter i året.

 Her i fylket svarte over 83 prosent av elevane som gav tilbakemelding at dei dei drikk brus eller energidrikker fleire gongar i veka, i følge ei undersøking i dei vidaregåande skulane hausten 2023.

Over halvparten oppgav at dei drakk dette på skolen, og nær halvparten av desse igjen kjøpte også drikka på skolen.

Og det omfattande forbruket får konsekvensar. I Tromsø har forskingsprosjektet Fit Futures i regi av blant anna Universitetet  fulgt ungdommar gjennom dei siste 10 åra og funne ei stor auke i  tannskadar som skuldast erosjonar, og antal pasientar med alvorleg syreskade har dobla seg.

-Alt tydar på at vi har den same utviklinga i Møre og Romsdal. Talet på syreskadar blant dei unge er klart aukande, og vi ser det i stadig yngre aldersgrupper. Vi i tannhelsetenesta er uroa over denne utviklinga, seier Holmeset.

Lanserer kampanje

No ropar tannhelsetenesta varsko og startar ein kampanje for å  informere ungdommane om dei uheldige konsekvensane av høgt og hyppig inntak av sure drikker.

På alle vg. skolar vil det bli hengt opp plakatar om korleis energidrikker og andre sure drikker skadar tennene. Ein animasjonsfilm med det same bodskapet vil bli vist på infoskjermar og i sosiale media.  

På alle tannklinikkar i fylket vil det vere eit ekstra fokus på sure drikker og syreskadar.

- Tannhelsetenesta ønsker  å påverke ungdommen til å gjere gode val. Dette er viktig for å unngå syreskadde tenner frå ung alder, og for ei god tannhelse heile livet, seier Holmeset