Arrangementet samla elevar, fagfolk og samarbeidspartnarar som politiet, Statens vegvesen (SVV), lokal køyreskole, utstyrsleverandørar og Universitetet i Nord, som både driv med føraropplæring og forsking på MC-tryggleik.
Frå venstre: Vegard Flåskjer (Statens vegvesen), Stephan Ole Bakken Sunde (Statens vegvesen), Lena Kvalsvik (NMCU), Olea Kvalsvik (NMCU), Knut Gunnar Skjærvik (Statens vegvesen), Henny Totlandsdal, (Møre og Romsdal fylkeskommune), Marte Seim Herskedal (Politiet), Kjell Erik Rotevaten, Rotevaten Trafikkskule, Geir Helge Ådneram (Politiet), Håvard Riise Kristiansen (Politiet), Petter Leon Valde (Statens vegvesen).– Vi ser at dårleg vedlikehald av motorsyklar og feilmonterte hjelmar bidreg til meir alvorlege ulykker, noko fleire rapportar stadfestar. Det er noko vi vil rette meir merksemd mot, seier Henny Totlandsdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ungdom i sentrum
Hovudformålet med dagen var å skape dialog med ungdommen om kor viktig det er å halde motorsykkelen i god stand og bruke riktig verneutstyr. Arrangementet er eit viktig trafikktryggingstiltak der fokus er på åtferd og haldningar.
Elevar fekk prøve både airbagvestar og anna MC-bekledning, og fekk mange gode råd frå fagpersonar. Alle involverte instansar heldt engasjerande innlegg og svara på spørsmål frå nysgjerrige elevar.
Demonstrasjon av MC-airbag.Vaflar og god stemning
Ingen MC-dag utan god stemning – eit eige "vaffeljern-team" sørga for nysteikte vaflar til alle deltakarane, noko som sette ein ekstra spiss på dagen og bidrog til ein uformell og triveleg atmosfære.
– Dette var ein lærerik og kjekk dag, og eit godt døme på korleis samarbeid mellom ulike aktørar kan bidra til betre trafikktryggleik, seier Totlandsdal.