Det var borna og ungdommen som fekk ære av å klippe snora da ny gang og sykkelveg på Fv. 64 blei opna.
Jan Ragnvald Eide
Averøy skulekorps sette ei flott ramme rundt markeringa, og spelte for dei frammøtte ved vegen før den offisielle opninga.
Leiar i samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust, tala ved vegen før snorklippinga.
- Det viktigaste er det vi får gjort. Vi bygger for framtida, sa Myklebust.
Symbolsk nok var det ungdommen og framtida på Averøy som fekk klippe snora. 14 år gamle David Aasheim frå Hoel fekk det ærefulle oppdraget, godt flankert av barnehagebarn, samferdselsutvalsleiaren og ordføraren.
Med Averøy skulekorps i spissen blei det deretter reine 17. mai-toget opp til eit høgtidspynta Bådalstun. Korpset stod også for musikk der, medan det venta kaker, kaffi og brus til dei frammøtte.
Takk til dei som har bygd vegen
Eit fullsett Bådalstun fekk høyre ordførar i Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes, takke fylkeskommunen for jobben som er gjort.
Byggeleiar Knut Roald Ugelstad og prosjektsjef Torbjørn Vatnehol fekk også velfortent ros for arbeidet som er lagt ned i prosjektet.
Prosjektet er gjennomført innanfor kostnadsramma på 76 millionar kroner og blei ferdig før planlagt tid.