Illustrasjonsfoto.Det viser Fylkesstatistikken 2026, som blir offentleggjort i dag onsdag 14. oktober.
I år byr statistikken også på fleire nye tema. For første gong er det mellom anna artiklar om eldre og bustad, kultur som grøn sektor og sikring av kulturmiljø i kommuneplanane. Landbruk er breiare omtalt, med vekt på arealbruk, attgroing og verdiskaping. Utanforskap er samtidig eit gjennomgåande tema i fleire artiklar.
Årets utgåve inneheld 19 tema og over 70 artiklar med statistikk.
Låg vekst fram mot 2040
Eit av dei tydelegaste utviklingstrekka er den svake folketalsveksten. Frå 1. januar 2025 til 1. januar 2026 auka folketalet med 756 personar, eller 0,3 prosent.
Nye framskrivingar frå SSB peikar mot svak vekst også i åra som kjem. Prognosen er 277.905 innbyggarar i Møre og Romsdal i 2040, mot 273.169 i 2026. Ein vekst på 4.736 personar, eller 1,7 prosent. Det er berre i Nordland at SSB sine framskrivingar viser lågare vekst i denne perioden, enn i Møre og Romsdal. SSB sine prognosar viser nedgang i folketalet i Nordland.
Ei hovudårsak til den lågare folketalsveksten er mindre nettoinnvandring. I 2025 var nettoinnvandringa 1.459 personar, mot 2.005 året før. I 2022 og 2023 var tala høvesvis 2.863 og 2.638. I tillegg har det innanlandske flytteunderskotet auka.
Innvandringa dei siste åra har samtidig gitt større mangfald. Innvandrarbefolkninga utgjer no 16,7 prosent av befolkninga i fylket. Stranda har den høgaste delen, med 25,1 prosent.
Fleire barn blei fødde
Fødselstala viser ei positiv utvikling. Det blei fødd 2.519 barn i fylket i 2025, mot 2.343 i 2023 og 2.483 i 2024. Tala er framleis låge, men utviklinga har snudd oppover.
Også arbeidsmarknaden held seg relativt stabil. Sysselsettinga auka med 0,1 prosent frå fjerde kvartal 2024 til fjerde kvartal 2025. Nasjonalt var veksten 0,3 prosent. I august 2026 var 1,8 prosent av arbeidsstyrken i Møre og Romsdal heilt ledig.
Gjennomføringa i vidaregåande opplæring er framleis høg. Av elevane som starta i 2019, hadde 83,2 prosent fullført etter fem/seks år. Berre Oslo, Akershus og Rogaland hadde høgare gjennomføring.
PS: Planseksjonen i fylkeskommunen skal måndag 19. oktober kl. 13.00 halde eit webinar der dei presenterer Fylkesstatistikken 2026. Webinaret er opent for alle. Følg lenka for meir informasjon og påmelding.
Lenke til Fylkesstatistikken 2026.