Når kompetanse- og næringsutvalet tysdag 18. mars skal behandle saka «Tilbod som ikkje blir starta skoleåret 2025/2026», innstiller fylkeskommunedirektøren blant anna på å ikkje starte vidaregåande trinn 1 studiespesialisering ved desse skolane: Haram vgs, Hustadvika vgs, Rauma vgs, Stranda vgs. og Tingvoll vgs.
Til saman 37 tilbod, studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram ved 13 skolar, blir foreslått ikkje starta opp det kommande skoleåret. Knapt 200 elevar av cirka 9.200 i dei vidaregåande skolane i fylket er omfatta av forslaget om kva tilbod som ikkje skal startast.
– Det er sjølvsagt beklageleg for desse elevane. Men vi vel samtidig å auke tilbodet der det er fleire søkarar enn tilbod i dag, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.
Søkartala ligg til grunn
Bakgrunnen for innstillinga frå fylkeskommunedirektøren er søkartala til dei 20 vidaregåande skolane i fylket med søknadsfrist 3. mars. Dessutan krava til oppfyllingsgrad, som utdannings- og kompetanseutvalet vedtok i 2014:
- Studieførebuande utdanningsprogram: Krav om minimum 65 prosent oppfyllingsgrad av vedtatt kapasitet.
- Yrkesfaglege utdanningsprogram som rekrutterer til lærefag: Krav om minimum seks søkarar.
- Yrkes- og studiekompetanse-tilboda (YSK): Minimum kapasitet er sett til ti søkarar som i tillegg fyller karakterkrava i matematikk og naturfag.
Rektorane bestemte i 2022 at dersom mindre enn 50 prosent av dei fastsette kriteria er oppfylt, er det ikkje nødvendig å inkludere innspel frå skolane i saka. Til saka ligg det derfor innspel frå ni av dei 13 skolane.
3.942 søkarar til trinn 1
I år var det 3.942 ungdommar som søkte vidaregåande opplæring trinn 1 for skoleåret 2025/2026. Det er 136 fleire enn førre skoleår. Auken skyldast eit større avgangskull enn i fjor, i tillegg til fleire flyktningar og elevar som gjer omval.
63 prosent har søkt yrkesfaglege utdanningsprogram, 37 prosent har søkt studieførebuande.
Fylkeskommunedirektøren anbefaler også at fleire tilbod blir starta opp hausten 2025, sjølv om dei ikkje fyller kriteria. I saksframlegget blir det forklart kvifor.
Elevar blir kontakta
Når kompetanse- og næringsutvalet har vedtatt kva tilbod som ikkje blir starta skoleåret 2025/2026, blir søkarar til desse tilboda kontakta per tekstmelding og e-post. Dei får frist til 20. mars til å endre søknaden sin.
Heile saksframlegget med lista over tilbod som ikkje blir starta, kan du lese på nettsidene mrfylke.no.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg til kompetanse- og næringsutvalet 18. mars.
Kontaktperson:
Erik Brekken,
kompetanse - og næringsdirektør,
telefon 48 13 12 91