For første gong over 270.000 innbyggarar i fylket

Aldri før har vi vore fleire innbyggarar i Møre og Romdal. Ved inngangen til 2024 talte vi 270.624 personar.

Folketalet vaks med 2.259 personar eller 0,8 prosent i 2023 og passerte dermed 270.000 innbyggarar for første gong.  Trenden er den same nasjonalt: Veksten i  folketalet var på 1,1 prosent, noko som gir ein vekst i Noreg på 61.219 personar i 2023. Dermed passerer vi 5,5 millionar innbyggarar i landet, viser ferske tal for demografisk utvikling frå Statistisk sentral byrå (SSB). 

Hovudårsaken til veksten i folketalet både nasjonalt og i Møre og Romsdal er flyktningstraumen frå Ukraina.

Med unntak av Ålesund kommune, der Haram har blitt eigen kommune igjen frå 1. januar 2024, var det fem kommunar i fylket som hadde nedgang i folketalet førre år. Stranda kommune hadde størst prosentvis i nedgang med -1,7 prosent, mens Rauma hadde størst oppgang i folketalet med 3,6 prosent. 

Veksten i Rauma kommune er påverka av at det blei etablert eit flyktningmottak mot slutten av 2023.

Låge fødselstal held fram

I 2022 var det historisk låge fødselstal i fylket med berre 2.336 fødde barn. I 2023 kom 2.343 barn til verda, ei marginal auke på sju barn.

Ser vi på fødselsoverskotet, som viser forholdet mellom fødde og døde kvart år, var det i 2022 for første gong i moderne tid eit underskot i fylket med 115 personar. For 2023 var fødselsoverskotet på fire personar. For landet under eitt, auka fødselsoverskotet frå 5.706 personar i 2022 til 8 177 personar i 2023. Talet på fødde barn auka frå 51.480 i 2022 til 51.980 barn i 2023, ein vekst på 500 barnefødslar. 

Etter høge dødstal i 2022, var det ein nedgang i døde i 2023, noko som var heilt avgjerande for at det blei eit fødselsoverskot i Møre og Romsdal. I 2023 døydde 2.339 personar, ein nedgang på 122 dødsfall frå 2022. Dei nasjonale dødstala viser den samen trenden, med ein nedgang frå 45.774 døde i 2022 til 43.803 i 2023. 

Det var fødselsunderskot i 17 av kommunane i fylket i 2023. Kristiansund og Sunndal hadde størst fødselsunderskot med -41 og -35 personar. Ser vi fødselsunderskotet i prosent av folketalet er underskotet størst i Vanylven og Fjord med -0,7 prosent.

I lenka finn de eit «dashboard» som viser statistikk frå kommunane i fylket. Her kan de sjå utviklinga i folketalet tilbake til 1986. 

Bruk filtrering for å sjå utviklinga frå ulike år/tiår og i ulike aldersgrupper. De finn òg talet på fødde, døde og fødselsunderskotet for 2023.