Fordelte 37 mill. til breibandsutbygging

Kompetanse- og næringsutvalet har fordelt 37 millionar kroner til breibandsutbygging i Møre og Romsdal.

Midlane skal brukast til å nå regjeringa sitt mål om at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilgang på breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s innan utgangen av 2025.

I 2023 hadde 97,2 prosent av husstandane i Møre og Romsdal tilgang på breiband med kapasitet på 100 Mbit/s eller meir. Dette var heile 2,7 prosentpoeng meir enn året før, og 0,6 prosentpoeng over landssnittet.

No har kompetanse- og næringsutvalet einstemmig fordelt 20.856.587 kroner frå statsbudsjettet 2024, og 16.141.317 kroner, som er restmidlar frå tidlegare års statlege tildelingar. Dette er tilskot som er fordelt til kommunane tidlegare år, men som har blitt trekt tilbake fordi prosjekta ikkje har blitt gjennomført, eller har blitt rimelegare enn planlagt.

Frå 2024 er det ikkje lenger krav om medfinansiering frå kommunane, mens det for restmidlane er eit krav om 30 prosent kommunal eigenandel. 

Desse områda er tildelt midlar til breibandsutbygging:

OmrådeKommune2024-midler, [kr]Restmidlar, 70% av total-kostnad, [kr]Kommunal andel (30%), [kr]
HorsgårdMolde 2.778.8891.190.953
KleivosenMolde 3.677.9271.576.255
MidøyaMolde2.250.000  
OtrøyaMolde3.981.587  
SkredestrandaSande 1.715.000735.000
SteinnesØrsta 710.500304.500
AkslaØrsta 906.500388.500
AlmvikaTingvoll1.150.000  
Furunes-HalsTingvoll5.600.000  
HafstadTingvoll3.900.000  
NålsundTingvoll 1.925.000825.000
Røttingsnes-NyheimTingvoll 770.000330.000
Saltgjelen-MagnillenTingvoll1.900.000  
SkjevlingnesetTingvoll 700.000300.000
Vulvika-KansdalTingvoll 931.000399.000
BøverdalenSurnadal1.400.000  
Snekvik-Hamnes-ÅrnesSurnadal675.000  
SagvegenAure 630.000270.000
SandshamnvegenAure 1.281.000549.000
HesteflotaneVolda 115.50049.500
Sum: 20.856.58716.141.3176.917.707

Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november