Dei fleste tilskota er prisjusterte frå 2025 med 3,5 prosent, medan enkelte institusjonar får større auke som følge av statlege løyvingar og særskilde satsingar.
Store mottakarar
Dei største tilskota går til Stiftinga Viti (13,16 mill. kroner), Nordmørsmusea AS (9,42 mill. kroner) og Teatret Vårt (8,19 mill. kroner). Operaen i Kristiansund får 7,08 mill. kroner, ein auke på 15 prosent samanlikna med 2025, i tråd med staten sine justeringar og høgare kostnader ved nytt bygg.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv får den største prosentvise auken, på 16,7 prosent, som følgje av ei varig løyving på 300.000 kroner til den kulturretta satsinga Smart fjord kultur.
Einstemmig vedtak
Utvalet slutta seg einstemmig til fylkeskommunedirektøren si innstilling, som bygger på gjeldande avtalar, fordelingsnøklar og føringar i statsbudsjettet. Fordelinga gjeld institusjonar som har faste avtalar med fylket eller inngår i nasjonale kulturstrukturar.
Fylkeskommunen gir driftstilskot til regionale kulturinstitusjonar for å sikre eit profesjonelt kulturtilbod i heile fylket.
– Driftstilskota er viktige for å sikre sterke og tilgjengelege kulturinstitusjonar i heile fylket. Dei bidreg til profesjonell drift, mangfald og deltaking, og er ein sentral del av vårt arbeid for å utvikle kulturtilbod og legge til rette for deltaking og gode opplevingar i heile fylket, seier Leif Bjarne Ersnes, leiar av kultur- og folkehelseutalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tilskot 2026 – oversikt
Totalt: 66.342.000 kroner
Krav og oppfølging
Institusjonane skal rapportere som tidlegare, men i 2026 blir det stilt eit nytt krav: dei må dokumentere korleis dei nyttar og honorerer sjølvstendige næringsdrivande kunstnarar og profesjonelle aktørar, i tråd med bransjestandardane.
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 3. februar