Foreldre og 10. klassingar stilte spørsmål om vidaregåande skole

Denne veka vart det arrangert ope møte for 10.klassingar som skal velje vidaregåande opplæring og foreldra deira.

Kvinner og menn med pc sit rundt eit langbord. - Klikk for stort bileteEin gjeng av flinke rådgivarar var samla i «kommandosentralen» og svarte på spørsmål frå elevar og foreldre under og etter informasjonsmøtet. Møre og Romsdal fylkeskommune

Måndag 21. oktober inviterte fylkeskommunen som skoleeigar alle avgangselevar i ungdomsskolen og foreldre til webinar om vidaregåande opplæring.

Over 600 foreldre og elevar og til og med skoleklassar frå rundt om kring i fylket benka seg framfor skjermen for å få informasjon om skoletilbod og søking.

-Vi forstår at det kan vere vanskeleg å velje utdanningsprogrammet som kjennes rett for den enkelte eleven, men vi håper at møtet bidrag til å hjelpe ungdommane med valet. Vi håper også at foreldre fekk mykje nyttig informasjon som gjer det lettare å støtte ungdommen sin, seier Edny Sletten, som er rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det var viktig for arrangørane var å få med seg mange foreldre og føresette.

- Vidaregåande skole har endra seg mykje sidan foreldra sjølve gjekk på skolen, og det ville vi vise dei. Dei treng oppdatert kunnskap for å rettleie ungdomane sine, seier  Sletten.

Til webinaret var det blant anna laga filmar frå Volda vidaregåande skole og frå Romsdal  vidaregåande, for å få fram kva som er studieførebuande opplæring og kva som er yrkesfagleg opplæring.

Webinaret gjekk frå seks til halv sju på kvelden, men eit stort team av rådgivarar satt og svarte på spørsmål til klokka åtte på kvelden.

I alt kom det inn over femti spørsmål , om alt frå korleis ein søker, til karrieremoglegheiter, om programtilboda.

Her er nokre av spørsmåla som blei stilt

 

Her kan du lese meir om søking til vidaregåande skole.