Foreslår å frede Vigra kringkastar

Kringkastaren har spelt ei nøkkelrolle i å gjere Noreg til ein moderne fiskeri- og kystnasjon. Og han er eit symbol på tilhøyrsle, fellesskap og motstandskamp, spesielt knytt til krigshendingane i april 1940.

No vil Møre og Romsdal fylkeskommune sikre dei kulturhistoriske verdiane for framtida, og foreslår å frede Vigra kringkastar i Giske kommune.

Forslaget, som inneber freding av både anlegget og stasjonsområdet, vert no sendt ut på høyring. Høyringsfrist er 14. oktober 2024.

Vigra kringkastar har vore midlertidig freda sidan 13. juli 2018.

Formåla med freding av anlegget

I fredingsdokumentet lister fylkeskommunedirektøren opp formåla med fredinga av anlegget, som er heimla i kulturminnelova §15:

  • Eit kulturhistorisk viktig anlegg som har spelt ei nøkkelrolle i å gjere Noreg til ein moderne fiskeri- og kystnasjon, og som har vore ein institusjon av stor betyding for sosial og kulturell utvikling. Kringkastaren er også eit symbol på tilhøyrsle, fellesskap og motstandskamp, spesielt knytt til krigshendingane i april 1940.
  • Ei viktig kjelde til kunnskap om telekommunikasjonen si historie, som symbol for ein viktig institusjon for tilhøyrsla, minne om motstandskampen og kjelde til oppleving og refleksjon.
  • Å bevare sendarsalen sin konstruksjon skal sikre opplevinga av kvar kjerneverksemda gjekk føre seg.

Formåla med freding av området

Formåla med å bevare kringkastar-området, som er heimla i kulturminnelova §19, er å:

  • Bevare verknaden av kulturminna i miljøet dei ligg i
  • Sikre vegen som tilkomst til anlegget
  • Beskytte vitskaplege interesser som knyter seg til kulturminna

Fredinga skal ikkje vere til hinder for ny bruk av sendarbygninga og transformatorkiosk/garasjen.

I drift frå 1935 til 2011

Vigra kringkastar var i drift frå 1935 til 2011 og er den lengst levande kringkastarstasjonen i Noreg.

Det er Riksantikvaren som eventuelt gjer fredingsvedtak.

 

 

Forslag om freding av Vigra kringkastar - gbnr 65 og 651 i Giske kommune (PDF, 888 kB) 

Dokumentasjon til fredningssak, Vigra kringkastar.  (PDF, 19 MB)