Rute 800, hurtigbåtruta mellom Kristiansund og Trondheim.
Ingvild Dverseth Sæter
Hurtigbåten mellom Kristiansund og Trondheim kan bli historie når dagens kontrakt går ut. Fylkeskommunedirektøren foreslår å avvikle den gjennomgåande ruta frå 2031 og erstatte henne med buss.
Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommunar, som i dag deler på kostnadane for hurtigbåtsambandet mellom Trondheim og Kristiansund, samarbeider om å finne den framtidige kollektivløysinga mellom Nordmøre og Trøndelag. Ruta går på tvers av fylkesgrensa, og fylkeskommunane har samarbeidd om utgreiingane av alternativa til dagens hurtigbåttilbod.
Saka skal først behandlast i samferdselsutvalet, deretter i fylkesutvalet. Fylkestinget tar endeleg stilling til forslaget 8.-9. desember.
Saka kjem opp no fordi dagens kontrakt går ut i 2031, og fylkeskommunane må i god tid avklare kva kollektivtilbod som skal erstatte eller vidareføre dagens samband.
For få passasjerar
Fylkeskommunedirektøren meiner passasjergrunnlaget er for lågt til å forsvare kostnadene ved dagens tilbod.
I gjennomsnitt blir om lag 7 prosent av kapasiteten på ruta brukt. Til samanlikning har gjennomsnittet for fylkeskommunale båtruter nasjonalt dei siste åra vore 23–24 prosent. Tala er gjennomsnitt, og enkelte avgangar har høgare belegg.
Trafikken mellom Kristiansund og Trondheim har vore relativt stabil. Mellom Smøla og Kristiansund har talet på reiser derimot gått ned med over 60 prosent sidan tidleg på 2000-talet. Utgreiinga konkluderer med at dagens transporttilbod er vesentleg større enn den dokumenterte etterspurnaden.
Vil bruke pengane på eit auka kollektivtilbod
Økonomi er den andre hovudgrunnen. Det årlege bidraget frå Møre og Romsdal fylkeskommune til hurtigbåtruta har auka frå 28,1 millionar kroner i 2019 til 47,9 millionar kroner i 2026, ein auke på rundt 70 prosent.
Kostnadene er venta å auke ytterlegare. Ei vidareføring av dagens hurtigbåttilbod er berekna til om lag 70 millionar kroner årleg for Møre og Romsdal, medan bussalternativa er berekna til 12,6–20,8 millionar kroner. Dette i høve til AtB sine berekningar.
Ei vidareføring av dagens tilbod vil derfor krevje auka finansiering eller at fylkeskommunen reduserer ambisjonsnivået på andre område. Fylkeskommunedirektøren meiner det vil vere krevjande å finne friske midlar til denne kostnadsauken. Målet er i staden å bruke ressursane slik at dei gir mest mogleg mobilitet og kjem fleire reisande til gode.
Eit bussbasert tilbod skal utviklast i samarbeid mellom dei to fylkeskommunane. Det kan gi fleire daglege avgangar mellom Kristiansund og Trondheim og betre korrespondansar med andre bussruter. Ei omlegging kan samtidig frigjere ressursar til andre kollektivtilbod.
Ser konsekvensane av ei nedlegging
Ei nedlegging vil samtidig gi eit svekka tilbod for ein del reisande, særleg frå Smøla, ytre delar av Aure og på sambanda mellom Kristiansund, Sandstad og Brekstad. Ruta er også viktig for arbeid, utdanning, helse, næringsliv og kontakten mellom Nordmøre og Trøndelag. Eit klart fleirtal av dei nær 30 høyringssvara ønsker å behalde hurtigbåten.
Fylkeskommunedirektøren meiner likevel at eit bussbasert kollektivtilbod gir best samla måloppnåing når passasjergrunnlag, samfunnsnytte, økonomi, klima, ressursbruk og framtidige investeringar blir vurderte samla.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet måndag 9. november
FRAM har sett på to alternativ der buss skal erstatte hurtigbåten.
Alternativ 1:
Har like mange bussavgangar som dagens hurtigbåttilbod. Rutetidene er tilpassa dagens ankomst- og avgangstider i Trondheim. Alternativet skal dekke dei same reisebehova som i dag.
Alternativ 2:
Eit utvida busstilbod med fleire avgangar enn dagens hurtigbåttilbod, med ekstra avgangar midt på dagen, om kvelden og i helgene.
Ekspressbuss 905 går frå Kristiansund via KRIFAST og E39 til Trondheim, med korrespondanse frå Molde og Ålesund.
Ein tilbringarbuss går frå Kristiansund via Seivika, Sandvika ferjekai og Aure sentrum til Stormyra på E39. På Stormyra er det ein stor rasteplass med plass til tre bussar og korrespondanse mellom rutene.
Frå Aure kan du reise via Stormyra vidare mot Halsa eller nordover til Trondheim.
Ekspressbuss 905 får færre stopp. Det gir kortare reisetid. Til dømes vil ei reise frå Kristiansund til St. Olavs hospital gå raskare med buss enn med dagens hurtigbåtløysing.