Forslaget inneber endringar i opplæringslova og privatskolelova, og opnar for opplæring utanfor eiga klasse utan samtykke frå elev eller foreldre.
Forslaget er no ute på høyring. Fylkeskommunen inviterer inviterer skolane, elevorganisasjonar, Norsk lektorlag, Skoleleiarforbundet, Skolenes landsforbund og Utdanningsforbundet til å gje innspel til høryinga. Kommunar, privatpersonar og andre interesse kan gi innspel til høyringa på regjeringen.no
Les meir om høyringa på mrfylke.no.
Skolane treng meir handlingsrom
Bakgrunnen er at dagens regelverk gir skolane få handlingsalternativ i alvorlege saker. I praksis er tiltaka i dag avgrensa til kortvarig bortvising eller permanent skolebyte, noko regjeringa meiner ikkje gir tilstrekkeleg tryggleik for elevar og tilsette.
– Dersom ein elev si åtferd går alvorleg ut over tryggleiken til medelevar eller tilsette, må skoleleiarar ha fleire verkemiddel enn i dag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Opplæring utanfor klassen
Forslaget opnar for opplæring utanfor klassen i inntil fire veker, med moglegheit for éi forlenging. Tiltaket kan brukast dersom åtferda går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til andre elevar, til dømes ved vald, alvorleg kriminalitet utanfor skoletida eller langvarige og alvorlege forstyrringar i undervisninga.
Samtidig blir det stilt strenge vilkår. Tiltaket skal berre brukast når mindre inngripande tiltak ikkje er tilstrekkelege. Skolen skal arbeide systematisk med tilpassa opplæring og førebygging, og eleven skal ha eit forsvarleg opplæringstilbod og behalde tilknytinga til skolen og elevgruppa.
Fylkesutvalet vedtar uttalen
Slik blir høyringsinnspela behandla:
Alle innspel blir publiserte fortløpande. Etter høyringsfristen vurderer fylkeskommunen innspela. Ei samla høyringsuttale blir lagt fram for fylkesutvalet før saka blir sendt vidare til staten.
Forslaget gjeld både grunnskole, vidaregåande opplæring og privatskolar.