Foreslår ny organisering av «Trygt heim for ein 50 lapp»

Ordninga blei avvikla hausten 2025, men blir foreslått vidareført i ny form. Saka skal behandlast i samferdselsutvalet 4. februar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan 2005 hatt ordninga «Trygt heim for ein 50‑lapp». Ordninga har gitt ungdom mellom 15 og 22 år eit trygt og rimeleg transporttilbod heim frå sosiale aktivitetar. Den blei avvikla hausten 2025, men Ungdommens fylkesråd uttrykte eit ønske om å vidareføre tilbodet.

Foreslår lokal drift

No blir ordninga foreslått organisert på ein ny måte: Kommunane søker om midlar og driftar tilbodet lokalt, medan fylkeskommunen fordeler tilskot og lagar retningslinjer. Fylkestinget vedtok i desember i budsjettet for 2026 å sette av 0,5 millionar kroner for å vidareføre «Trygt heim for ein 50-lapp».

Etter omstillinga i 2024 har fylkeskommunen ikkje kapasitet til å administrere ordninga slik ho blei drive tidlegare. Difor blir det foreslått ei løysing der kommunane får eit tydelegare ansvar for gjennomføringa og kan fastsette ein lokal eigenandel.

Eigenandelen kan variere, men skal vere lågterskel

Med ei kommunal løysing kan tilbodet tilpassast lokale behov, særleg i område med lite kollektivtilbod på kveld og i helg. Det betyr at eigenandelen kan variere mellom kommunane, men tilbodet skal vere lågterskel og ikkje til hinder for bruk.

Dersom forslaget blir vedteke, får fylkeskommunedirektøren myndigheit til å utarbeide retningslinjer og søknadsskjema, slik at kommunane kan søke og planlegge tilbodet for 2026. Kommunane som deltek, vil informere lokalt om korleis ordninga blir i deira kommune.

Saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 4. februar