Foreslår tiltak for omstilling og reduksjon i drifts- og investeringsnivået

Møre og Romsdal fylkeskommune har økonomiske utfordringar som krev omstilling og stramme prioriteringar framover, men vi skal likevel jobbe målretta for ei god og berekraftig samfunnsutvikling. Det var hovudbodskapen til fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, då ho la fram forslag til Økonomiplan 2024-2027 med budsjett for 2024 i dag. 

Bilde av Toril Hovdenak. - Klikk for stort bileteFylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. Per-Kristian Bratteng

Det er eit stramt framlegg til økonomiplan fylkeskommunedirektøren legg fram til politisk behandling. 

- Vi må innstille oss på store endringar og tøffe prioriteringar i den kommande planperioden, seier Hovdenak. Vi må ha høgare netto driftsresultat og i større grad finansiere investeringane våre med oppsparte midlar frå overskot i drifta. Utan ei slik omstilling vil høg lånegjeld og høge finanskostnader gradvis ete opp dei midlane vi har oppspart på fond.

Netto driftsresultat på 2,3 prosent

Hovdenak viser til at det i framlegget til økonomiplan er budsjettert med eit netto driftsresultat på 2,3 prosent i 2024. - Dette er lågare enn fylkestinget sitt vedtatt måltal på 2,5-3,0 prosent. Siste års auke i rentenivået, auken i lånegjelda og særs høg prisvekst dei to siste åra er hovudgrunnar til at fylkeskommunen ikkje klarar å innfri målsettinga, seier Hovdenak. I tillegg har vi eit generelt høgt driftsnivå sett i samanheng med dei rammene vi får.

Høgare prisvekst på kontraktar

Fylkeskommunen har også hatt langt høgare prisvekst på regulering av kontraktar enn det vi får kompensert i statsbudsjettet dei siste to åra. Prisveksten gjeld spesielt for buss, båt, ferje og drift av fylkesveg. I tillegg har vi aukande finanskostnader som følgje av ei sterk stigning i rentenivået og høg lånegjeld. Dette gjer at det økonomiske handlingsrommet no er urovekkande lite. Og det trass i at fylkeskommunen sidan 2020 har innarbeidd større innsparingstiltak i drifta kvart år. Mellom anna vart det i økonomiplan 2023-2026 lagt til grunn ytterlegare innsparingstiltak på 100 mill. kroner frå 2024. 

Møre og Romsdal på gjeldstoppen

- Om ein ser til KS sin modell for vurdering av fylkeskommunane sin økonomi, viser denne at Møre og Romsdal ligg heilt i gjeldstoppen blant fylkeskommunane i landet, seier Hovdenak vidare. Ser vi status for netto driftsresultat, gjeldsgrad og disposisjonsfond samla, er vi den einaste fylkeskommunen som ligg i «raud sone». Med bakgrunn i dette, foreslår vi at det vert  sett i gang eit omstillings- og innsparingsarbeid i 2024. I dette arbeidet må administrasjonen og det politisk nivået samarbeide for å finne løysingane som gir meir berekraftig økonomi frå 2025 og vidare framover.     

Auka takstsone på ferjer og generelt lågare investeringsnivå

På bakgrunn av den svært utfordrande økonomiske situasjonen fylkeskommunen står i, er det i denne økonomiplanen foreslått innføring av ein takstauke på ei sone på alle ferjesamband, samt redusert rabattsats på nullutsleppskøyretøy frå 1.1.2024. Dette er venta å gje ei inntektsauke på om lag 50 mill. kroner i 2024. I tillegg er investeringsnivået i fireårsperioden redusert med 700 mill. kroner.

Fylkeskommunen vil levere gode tenester

Sjølv om økonomiplanen legg opp til strammare rammer, er det viktig for meg å understreke at vi likevel skal halde fram med å levere gode tenester, konkluderer Hovdenak. - Vi skal realisere fleire store samfunnsutviklingsprosjekt dei kommande åra. I 2024 vil Campus Kristiansund og Spjelkavik arena bli tatt i bruk. Rassikringsprosjektet Korsmyra – Indreeide blir opna, og vi elektrifiserer fleire bussar, ferjer og ferjekaier. I 2025 vil Normoria - opera og kulturhus i Kristiansund og Nerlandsøybrua bli ferdigstilt, og prosjektet med Ørsta kompetanse og kultursesenter vil bli starta opp i økonomiplanperioden, avsluttar Hovdenak.

Les «Økonomiplan med handlingsprogram 2024-2027 med budsjett for 2024 – fylkeskommunedirektøren sitt forslag»

Her kan du lese møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkesutvalet sitt møte 28. november 2023.