Førjulsfest på Gjermundnes vgs. med 1.000 gjestarOnsdag ettermiddag inviterte Gjermundnes vgs til «Jul på Gjermundnes», og rundt 1.000 personar fann vegen for å oppleve julestemninga. Det er like mange som i fjor, då arrangementet vart halde for første gong. Jul på Gjermundnes med ope fjøs. Per-Kristian Bratteng I tre timar kunne store og små kose seg med aktivitetar som hest og kjerre, barneridning, juleshow i ridehallen, juleverkstad, ope fjøs og gartneri, maskinutstilling og klatring. Det var også demonstrasjon av 3D-printing, rakettutskyting og julekino. Ved bålpannene vart det servert pepperkaker og saft, og på museet kunne ein kjøpe graut, pølser, kaker og kaffe.Høgdepunktet for mange var at nissen dukka opp – til stor glede for dei yngste. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 04.12.2025 14.58 Sist endra 04.12.2025 16.27