Utsikt over store landbruksareal, frå Aslaksteinen i Hustadvika kommune.
Kai Bedringås
Prosjektet har fått namnet NYVEST – Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap –går over tre år, og er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Vestlandsforsking er også med som samarbeidspartnarar, og prosjektet er støtta av Norges forskingsråd.
Initiativet kom frå Vestland fylkeskommune, som også drar hovudtyngda av prosjektet. Møre og Romsdal fylkeskommune har forplikta seg til å bidra med kunnskap, kartfagleg hjelp og eksempel frå Møre og Romsdal.
Vestlandet er annleis
– Nedbørsmengdene, temperaturane og naturtypane som er særskilde for Vestlandet gir andre rammer både for karbonlagring og for naturmangfald, seier plansamordnar Johnny Loen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Forskningsrådet er derfor samde med oss i at det bør utviklast verktøy for arealforvaltinga, som er særskilt tilpassa. Det er eit poeng at vi går inn i prosjektet med eit utval arealtypar som viser breidda i vestlandsnaturen. Dette inneber at fylkeskommunen også må samarbeide med eit utval kommunar i prosjektet, der desse areala ligg. Areala er ikkje valde enno, seier Loen.
NINA og Vestlandsforsking
NINA skal bruke maskinlæring for å analysere satellitt- og fjernmålingsdata, med mål om å bruke desse nye teknikkane til å kartlegge ulike naturtypar på Vestlandet. Vestlandsforsking skal sjå på kva vilkår som må vere oppfylte for at kunnskap om natur, klima og samspelseffektane mellom dei skal bli forstått og lagt vekt på i politiske avgjersler om arealendring.
– Å vareta omsynet til klima og naturmangfald i arealforvaltninga, krev gode kartbaserte verktøy for kommunane, men også tilstrekkeleg kvalitet på dei dataa som skal gi bilde av situasjonen. Kunstig intelligens nytta på satelittfoto kan i stor grad erstatte kostbart feltarbeid, og medverke til langt større dekningsgrad og dermed langt høgare kvalitet enn det vi har tilgang til i dag, seier Loen.
PS: Det var arbeidsgruppa i NINA som leverte analysane som ligg til grunn for den store NRK-reportasjen Norge i rødt, hvitt og grått.