Forsøk med skriftleg-munnleg eksamen: Vil at fleire skal lykkast med fagbrev

Våren 2025 blir det for første gong arrangert munnleg-skriftleg eksamen som alternativ til rein skriftleg eksamen for praksiskandidatar. Møre og Romsdal deltar i det nasjonale forsøket. 

To personar i kokkeklær lagar mat. - Klikk for stort biletePraksiskandidatar i kokkfaget kan no velje munnleg-skriftleg eksamen. Jenaette Iren Synnes Håhjem

Det nye eksamenstilbodet er eit forsøk i regi av Utdanningsdirektoratet, og vil i første omgang bli tilbydd praksiskandidatar i kokkfaget og reinhaldsoperatørfaget. Møre og Romsdal er ein av fylkeskommunane som deltar i pilotprosjektet.

-  Det er jo mange drivande dyktige fagfolk der ute som ikkje er vane med å skrive eller som ikkje har gått på skule på lang tid, og vi ser at strykprosent er høg på skriftleg teorieksamen. Med forsøksordninga får dei ei moglegheit som kanskje passar betre for dei og som kan bidra til at dei består eksamen, seier Einar Hoem, som er rådgivar for privatist- og praksiskandidatordninga i fylkeskommunen.

Han håper at ordninga gir gode resultat og at den kan utvidast til fleire fag.

-  Har du fagbrev, så står du mykje sterkare i arbeidslivet, seier han.

Frivillig å delta

Den skriftleg-munnlege eksamenen tilsvarar skriftleg teorieksamen i begge fag. Privatistar og praksiskandidatar som ønsker å delta , må melde seg opp til eksamen i Privatistportalen. Etter oppmeldingsfristen vil dei få ein e-post frå fylkeskommunen der dei kan  melde seg på forsøket. Dersom det blir fleire påmeldingar enn kva det er kapasitet til, vil det bli loddtrekking om kven som får delta.

Slik blir eksamen

  •  Skriftleg-munnleg eksamen vil gi éin sluttkarakter, basert på  både skriftleg og munnleg del.
  • Skriftleg del varer 2 timar, og munnleg del inntil 30 minutt.
  • Skriftlege oppgåver er like for alle, munnlege oppgåver vil variere.
  • Munnleg del kan inkludere oppfølgingsspørsmål til skriftleg del.
  • Eksamen blir gjennomført over tre dagar: skriftleg del 20. mai, munnleg del 21. eller 22. mai.

Les meir om forsøket på Utdanningsdirektoratet sine nettsider Forsøk med skriftlig-muntlig eksamen i yrkesfag | udir.no

Les meir om korleis du kan ta eksamen som privatist