Først i Noreg med karbonkart for heile fylket 

Som første fylke i landet har Møre og Romsdal fått laga kart som viser karbonrike areal og klimagassutslepp frå arealbruk. Karta gir kommunane eit nytt verktøy for å planlegge med omsyn til klima og natur, noko som får direkte betydning for både innbyggarar og lokalsamfunn. 

Kommunane er pålagde å ta omsyn til klimagassar i arealplanlegging og arealbruk, men har ikkje hatt tilgang til gode verktøy for å kunne innfri dette kravet. Men no har dei funne ei løysing: To ulike kart som NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har utvikla, etter initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Ein del av dei totale klimagassutsleppa i Noreg kjem frå arealbruk og arealendringar. Og som for alle andre utslepp, har Noreg forplikta seg til å redusera dei. Det betyr at kommunane må ta omsyn til klimagassutslepp når dei planlegg utbygging, gir løyve til nydyrking eller andre arealendringar.  

– Viktige leveområde

– Karbonrike areal er ofte viktige leveområde for planter og dyr. Å ta vare på slike område er ikkje berre viktig for klimaet, men også for å stanse naturtap og sikre økosystema vi er avhengige av, seier klima- og miljøkoordinator Ingeborg Simonsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Men korleis skal ein ta omsyn til usynlege klimagassar som det også er vanskeleg å måle?  

Denne utfordringa tok Møre og Romsdal fylkeskommune på alvor då dei kontakta NIBIO for å få hjelp til å laga kart over karbonrike areal.  

NIBIO utvikla to ulike kart

Jostein Frydenlund frå NIBIO fortel at dei har utvikla to ulike kart. Det eine kartet viser opptak og utslepp av klimagassar ved noverande arealbruk, også i utbygde område. Dette kartet kan ein bruke til å finne areal med høgt opptak av klimagassar som det er viktig å ta vare på. Kartet viser òg kva areal som slepp ut klimagassar, slik som jordbruksareal med organisk jord og grøfta myr. 

Det andre kartet gir informasjon om utslepp av klimagassar ved nedbygging. Dette kartet gir grunnlag for å forstå omfanget av klimagassutslepp ved nedbygging av natur. 

Karta kan kommunane bruke som kunnskapsgrunnlag ved:  

  • utforming av kommunedelplanar, for å redusere klimagassutslepp   
  • vurdering av omsynssoner for bevaring av naturmiljø, i kommuneplanen sin arealdel  
  • vurdering av planinitiativ om regulering av nye område for nedbygging  

Enklare for kommunane

Med desse karta blir det enklare for kommunane å vurdere kvar det er mest hensiktsmessig å bygge og kvar det er viktig å la naturen ligge urørt. Kommunane kan bruke karta for å forstå omfanget av klimagassutslepp ved nedbygging av naturområde og ytterlegare nedbygging av allereie nedbygde område.  

– Målet med karta er at dei skal bli brukt på eit tidleg tidspunkt i arealplanlegginga. Då kan vi ta betre omsyn til klima og natur i fylket vårt og i ditt nærmiljø, seier klima- og miljøkoordinator Ingeborg Simonsen. 

Du kan gå inn og sjå på karta i fylkeskommunen sin kartportal. (Får du spørsmål om pålogging; klikk ‘Cancel’) 

Karta er laga med støtte frå Miljødirektoratet.