Første del av strakstiltaka for skredsikring av Trollstigen er gjennomført

No er arbeidet med å sikre ei avskjeringsgrøft langs den nasjonale turistvegen fullført. Dette var første del av skredsikringsarbeidet, og ein ventar no på å kunne tildele kontrakt til entreprenør for del to.  

Anleggsarbeid og gravemaskin - Klikk for stort bileteEin del av grøfta i eit smalt område. Kristian Bjørdal

- Vi er glade for at arbeidet i første del av strakstiltaka stort sett har gått som planlagt, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Entreprenøren Veidekke Industri AS har saman med underentreprenør Terrengentreprenøren AS lagt ned ein imponerande innsats i Trollstigen gjennom heile sommaren for å bli ferdig i tide.  

Neste del av arbeidet er fjellrensk- og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja. Her er tilbodsfristen for entreprenørar denne veka, og arbeidet forventast å være i gang i løpet av september.  

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål og kunne opne Trollstigen i turistsesongen i 2025, dersom alt går etter planen og det ikkje dukkar opp noko uforutsett i fjellet.  

Person ved anleggsmaskiner i natur - Klikk for stort bileteArbeid med skredsikring i Trollstigen. Kristian Bjørdal Grøft i fjellside - Klikk for stort bileteEit langt og omstendeleg arbeid i fjellsida. Kristian Bjørdal