Førsteinntaket klart: 9403 søkarar fekk melding om skoleplass

 9403 har no fått beskjed om at dei har fått plass i vidaregåande skole på sms og e-post.

Elevar med PC i eit lyst klasserom.  - Klikk for stort bileteFekk du sms og e-post om skoleplass i vidaregåande i går ettermiddag? Hugs å seie frå om du vil ha skoleplassen innan tidsfristen. Terje Aamodt

Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune oppfordrar alle til svare om dei vil ha skoleplassen innan fristen 14. juli, slik at fylkeskommunen får fordelt plassane så fort som råd.

- Vi vil passe på at alle søkarar som har ungdomsrett får tilbod om skoleplass til skolestart. Etter at alle i denne gruppa har fått ein plass, vil vi gi tilbod til andre søkar, seier Flovikholm.

Etter førsteinntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått skoleplass. 143 står utan tilbod, og det er 15 fleire enn i fjor. 85 av desse har søkt vg1.

Dei som ikkje får plass i denne omgangen, får stå på venteliste.

- Av erfaring veit vi at mange av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket ca. 29. juli.

Svarfrist for andreinntaket er 4. august.  

På venteliste

Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna teknologi og industrifag, elektro og datateknologi, naturbruk, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og informasjonsteknologi og medieproduksjon.

Rett til utdanningsønske

Dei som skal ta vidaregåande opplæring, har rett til å få oppfylt ønsket sitt om utdanningsprogram, men ikkje til ein spesifikk skole. Dei har rett til plass på eit av dei tre utdanningsprogramma dei har søkt på Vg1 og til eit programområde dei er kvalifisert til etter Vg1 og Vg2.

Også i år er søkarar til Vg1, Vg2 og Vg3 vidaresøkt i 1. inntaket. Det betyr at dei har fått tildelt plass på eit av programområda dei har søkt, men på ein annan skole enn dei ønska.