Fristen for å svare om dei vil ha plassen er 14. juli.
Fristen for å takke ja til skoleplass er 14. juli.
Birkeland, Tingh
– Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass. Av erfaring veit vi at mange av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket i august. Vi oppmodar søkarane om å svare på skoletilbodet innan fristen, seier Maria Enstad, seksjonsleiar inntak.
Etter førsteinntaket er det totalt 197 søkarar på alle trinna som står utan tilbod, dette er 67 fleire enn i fjor. Av desse har 102 elevar søkt på vidaregåande trinn 1 (vg1).
Andreinntaket blir gjennomført rundt 28 juli, med svarfrist 31. juli.
På venteliste
Det er ventelister for å få plass på fleire av vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna Teknologi og industrifag, Elektro og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign og Informasjonsteknologi og medieproduksjon.
Rett til utdanningsønske
Dei som skal ta vidaregåande opplæring, har rett til å få oppfylt ønsket sitt om utdanningsprogram, men ikkje til ein spesifikk skole. Dei har rett til plass på eit av dei tre utdanningsprogramma dei har søkt på vidaregåande trinn 1 og til eit programområde dei er kvalifisert til etter vidaregåande trinn 1 og 2 (vg1 og vg2).
Også i år er søkarar til Vg1, Vg2 og Vg3 vidaresøkt i 1. inntaket. Det betyr at dei har fått plass på eit av programområda dei har søkt, men ikkje nødvendigvis til skolen dei ønsker.
I alt er 196 søkarar vidaresøkt til ein anna skole. Til Vg1 gjeld dette 122 søkarar, til Vg2 56 søkarar og 61 søkarar til Vg3.
Kva er ungdomsrett?
Elevar som har fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring fram til dei har oppnådd yrkes- eller studiekompetanse. Denne retten har dei ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 24 år.