Fortalde om sirkulær omstilling på World Circular Economic Forum

Fylkesordførar Anders Riise var torsdag i Brussel, Belgia, der han presenterte fylkeskommunen sitt arbeid med sirkulærøkonomi og samarbeidet med OECD for EU-kommisjonen.

Sju personar. - Klikk for stort bileteFrå venstre fylkesordførar Anders Riise, Meindert Stolk, minister/Syd-Holland, Aziza Akhmouch, avdelingssjef OECD, Oriana Romano, leiar OECD-delegasjon, Ander Eizaguirre, OECD, Felipe Bucci, Delft Universitet. Foran: Pia Imbs, president, Strasbourg. Oddny Wiggen

Riise deltar på World Circular Economic Forum, som er verdas største konferanse for sirkulærøkonomi, denne veka. 

Saman med ministerråd frå Strasbourg og Syd-Holland vart Riise invitert til Brussel denne veka for å fortelje om status på sirkulær omstilling i Møre og Romsdal og korleis Møre og Romsdal fylkeskommune vil vere ein pådrivar. Til stades var blant anna representantar frå EU-kommisjonen, OECD, Den europeiske investeringsbanken, Circular Cites and Regions Network (CCRI).

Sirkulær omstilling

– Målet er å betre ressursutnyttinga for å svare på regionens utfordringar relatert blant anna til kompetanse, kraftunderskot og logistikk. Dette stemmer godt overeins med ambisjonane i EU sin grøne vekststrategi, The European Green Deal.

– Nøkkelen for å nå omstilling er samarbeid mellom ulike nivå av offentlege myndigheiter, næringsliv og akademia. Vi har identifisert sirkulærøkonomi som eit avgjerande fokusområde, og som følge av det bestemde vi oss for å søke om å bli ein del av initiativet for sirkulære byar og regionar, sa fylkesordføraren blant anna.

Panelelintervjua som OECD gjennomførte tidlegare i år var avgjerande i denne prosessen, der stilte over 60 interessentar frå offentlege myndigheiter, private verksemder, akademia og frivillige organisasjonar i regionen. Desse samtalane har framheva både utfordringar og moglegheiter som ligg føre oss, og etablert ein interessentfellesskap som er forplikta til å drive fram positiv endring.

Felles retning

Sirkulærøkonomi er eit breitt og omfattande felt som krev mange forskjellege initiativ og samarbeid på tvers av sektorar og fagområda. Møre og Romsdal fylkeskommune har jobba strategisk med sirkulærøkonomi sidan 2021, då prosjektet «Berekraftfylket»  gjennomførte ei berekraftskartlegging saman med alle kommunane i fylket. Sirkulærøkonomi blei då peikt på som eit av seks satsingsområde.

I 2022 søkte Møre og Romsdal fylkeskommune og fekk plass som ein såkalla «fellow» i Circular Cities and Regions Initiative (CCRI). Det er eit treårig EU-nettverk som gir tilgang til kompetanse, kunnskap og finansiering innanfor sirkulærøkonomifeltet.

Fylkeskommunen si aktive deltaking i CCRI gjorde at OECD tok kontakt i juni 2023 og valde Møre og Romsdal som ein av ti europeiske regionar til å delta i ei kartlegging på sirkulærøkonomi, som skal resultere i konkrete anbefalingar basert på erfaring frå andre regionar i Europa. Rapporten vil vere klar i mai.