Midlane har samtidig utløyst over 30 millionar kroner i privat kapital og eigeninnsats. Arbeidet er forankra i Fylkesstrategi for forsking og innovasjon 2025–2028, med hovudmål om auka bruk av forsking og innovasjon i Møre og Romsdal.
Eigne kompetansemeklarar frå næringshagar og innovasjonsselskap rettleia i løpet av fjoråret 84 bedrifter i arbeidet med systematisk og forskingsbasert innovasjon. Det resulterte i fleire prosjektsøknadar til verkemiddelapparatet der 35 fekk støtte frå Regional forskingsfinansiering. Dei regionale midlane eignar seg i tidlege fasar av innovasjonsløp og er ofte starten på prosjekt som blir vidareførte med støtte frå nasjonale og internasjonale verkemiddel, med auka verdiskaping som resultat.
– Næringslivet vårt er svolten på ny kunnskap. Dei midlane vi forvaltar bidreg til reell verdiskaping, innovasjon og eit meir kunnskapsbasert næringsliv, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho peikar vidare på at eit koordinert samarbeid mellom fylkeskommunen, Forskningsrådet, Innovasjon Norge, næringshagane, innovasjonsselskapa og FoU-institusjonane, er avgjerande for å lykkast med arbeidet.
Tre døme på prosjekt som fekk støtte i 2025:
- AI for tryggare infrastruktur (Sensnet Analytics AS) – utviklar algoritmar for å avdekke feil og sabotasje i straumnett og annan kritisk infrastruktur.
- Betre fiskehelse i torskeoppdrett (Ode AS) – etablerer ein cellemodell for å forstå tarmlidingar hos oppdrettstorsk som kan gi betre fiskevelferd og auka lønnsemd.
- Sirkulær produksjon av mikroalgar (Tjeldbergodden Utvikling AS) – nyttar CO₂ og overskotsvarme frå nærliggande industri til å produsere næringsrike mikroalgar til fiskefôr.
Løyvinga til Regional forskingsfinansiering kjem frå Kommunal- og distriktsdepartementet og fylkeskommunen. Satsinga held fram i 2026.