Erfaring i bøttar og spann. Frå venstre: Brøytebilsjåfør Ole Furnes og senioringeniør Kjell Haukeberg
Else Britt Ervik
Tysdag 11. november samla Møre og Romsdal fylkeskommune brøyte- og strømannskap til kurs i vinterdrift. Målet er trygge reiser, betre framkome og at det settast inn rett tiltak til rett tid når vinteren slår til. Eit slikt kurs gir operatørane rett til å utføre vinteraktivteter, som er eit svært viktig fagfelt.
"Når snøen og frosten kjem, skal vi allereie vere i gang, seier kursleiar Kjell Haukeberg, frå Møre og Romsdal fylkeskommune si samferdselsavdeling.
«Felles forståing for metode, vinterdriftsklassar og bruk av salt, strøsand gjer mannskapa trygge og forholda betre for trafikantane».
Operatørane fekk ei oppfrisking i sentrale omgrep som kva som reknast som godkjente føreforhold, tida mellom brøyterundene (syklustid) og korleis ein arbeider før, under og etter ei vêrhending.
Til no i år har over 300 brøytepersonell frå Møre og Romsdal vore innom kursa.
47 år bak plogen
Ole Furnes frå Godøy har køyrt brøytebil kvar vinter sidan 1978. Det er 47 år bak rattet.
«Tidene har endra seg. På 80-talet var det vintre med veldig mykje snø ute på øyane i Giske. Gamlevegen til Alnes fekk til og med snøras. No er det tunnel, og den mest rasutsette vegen treng vi ikkje brøyte lenger,» fortel Furnes.
Salting er relativt nytt
«Bruk av salt er relativt nytt for oss, og vi må vite korleis det verkar og kvar det faktisk løner seg. Før strødde vi berre med sand. Det er viktig å henge med når faget utviklar seg.», seier Furnes.
Til no har 300 brøytepersonell i Møre og Romsdal vore innom kursa
Else Britt Ervik
Starta med traktor som 18-åring
Starta som 18-åring, Shanden Blomvik starta med å brøyte parkeringsplassar med ferskt traktorsertifikat
Else Britt Ervik
I motsett ende av erfaringsskalaen finn vi Shanden Blomvik (24). Han kursa seg tidleg og starta å brøyte med traktor då han var 18. År for år har han avansert i gradene i brøyte-universet. I starten var det brøyting på parkeringsplassar med traktor, men no brøyter han hovudvegane i Giske kommune.
Fordel å bu nært når snøen kjem brått på
«Det er ikkje berre veg som skal brøytast. Kommunale område, skular, parkeringsplassar, industri, butikkar og kaier, lista er lang sjølv i ei lita kommune. Difor er det ein fordel å bu nær området du brøytar. Jobben startar tidleg, og snøfall kan kome brått på,» seier dei.