Elevane ved forskarlinja Vg2 ved Ålesund vgs.– Vi er veldig takknemlege for at Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt oss støtte til eit prosjekt der målet er auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet, fortel dei to ansvarlege faglærarane Aino G. Tornes og Renate Ruth.
For forskarlinja ved Ålesund vgs har dette gjort det mogleg med eit samarbeid med NTNU i Trondheim. Samarbeidet har hausta stort engasjement for læring hos elevar og samarbeidspartnarar.
Torsdag deltok elevane med innlegg på Nasjonal rådgivarkonferanse i Trondheim, der dei presenterte resultat frå eiga forsking på temaet ungdom og søvn.
Samarbeidspartnarane ved NTNU var også til stades, og fredag startar dei med å utvikle dette arbeidet til meir omfattande forsking.
Samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv gir udiskutabelt verdifulle erfaringar, som elevane ikkje hadde fått moglegheit til utan dette samarbeidet og støtta frå fylkeskommunen.