Frå botn til topp: Møre og Romsdal på topp i skolebibliotek-satsing

På få år har Møre og Romsdal gått frå å vere blant dei svakaste i landet til å bli best. I 2026 får kommunane i fylket over 12,8 millionar kroner til skolebibliotek. Det er den største samla tildelinga i Noreg.

Elevar i eit bibliotek. - Klikk for stort bileteGiske er blant kommunane som får pengar til innkjøp av bøker til skolebiblioteka. Anne-Linn Nordstrand Giskeødegård

Heile 10 kommunar får midlar til utvikling, kompetanse og personalressursar. I tillegg kjem ei brei ordning med boktilskot som gir midlar til endå fleire kommunar.

– Dette er ikkje tilfeldig. Det er resultat av eit systematisk arbeid dei siste åra. Dette vil gå direkte til barna i Møre og Romsdal og vil vere solid løft for skolebiblioteka og lesesatsinga i fylket, seier fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs. 

Målretta satsing på skolebiliotek

I perioden 2018 til 2024 fekk Møre og Romsdal berre 200 000 kroner totalt. Sjølv løftet i 2025 til 6,5 millionar kroner var først og fremst starten på ei endring. No er nivået dobla igjen, og fylket ligg heilt i toppen nasjonalt og får over 14 prosent av totalpotten.

Bak auken ligg ei målretta satsing på skolebibliotek i heile fylket dei siste åra. Fylkeskommunen, kommunar, Nynorsksenteret, skolar og bibliotek har jobba tettare saman, og det er utvikla betre planar og sterkare søknader. Felles konferansar med erfaringsdeling arrangert av fylkeskommunen har verkeleg gitt ei effekt og fått mange fleire til å søke. 

– Vi har sett inn konkrete tiltak for å løfte kvaliteten. Når vi no ser resultatet, er det fordi det har blitt jobba godt på tvers, og fleire har blitt betre og meir målretta i arbeidet, seier Auganæs. 

Tilskot til utvikling og styrking

Tilskota til utvikling og styrking av skolebiblioteka er fordelte slik:

  • Aure kommune: 331 800 kroner
  • Averøy kommune: 882 000 kroner
  • Haram kommune: 700 000 kroner
  • Hareid kommune: 1 500 000 kroner
  • Herøy kommune: 1 468 000 kroner
  • Kristiansund kommune: 1 043 100 kroner
  • Rauma kommune: 735 000 kroner
  • Ulstein kommune: 875 000 kroner
  • Ørsta kommune: 880 000 kroner
  • Ålesund kommune: 4 450 000 kroner

Tilskot til innkjøp av bøker

Parallelt får 15 kommunar i fylket midlar til innkjøp av bøker til skolebiblioteka. Til saman utgjer dette om lag 582 000 kroner:

  • Aure kommune: 10 000 kroner
  • Averøy kommune: 19 006 kroner
  • Fjord kommune: 10 000 kroner
  • Giske kommune: 36 276 kroner
  • Haram kommune: 29 575 kroner
  • Hareid kommune: 20 377 kroner
  • Herøy kommune: 27 138 kroner
  • Kristiansund kommune: 75 416 kroner
  • Rauma kommune: 24 245 kroner
  • Sula kommune: 39 840 kroner
  • Sunndal kommune: 23 179 kroner
  • Tingvoll kommune: 10 000 kroner
  • Ulstein kommune: 31 555 kroner
  • Ørsta kommune: 39 231 kroner
  • Ålesund kommune: 186 652 kroner

Elevane får betre tilgang til bøker

Samla gir dette eit løft som merkast i heile fylket. Frå små kommunar til dei største byane får elevane no betre tilgang til bøker, meir kompetanse og meir aktive skolebibliotek.

– Gode skolebibliotek er blant dei mest treffsikre tiltaka for å styrke lesing hos barn og unge. No ser vi at satsinga gir konkrete resultat ute i kommunane, seier Auganæs.

Utviklinga dei siste åra viser eit tydeleg skifte. Frå å stå på sidelinja i konkurransen om midlar, har Møre og Romsdal no markert seg heilt i toppen. Det gir eit langt betre utgangspunkt for å styrke lesing og læring i skulen i åra som kjem i heile Møre og Romsdal.