Frå venstre områdedirektør ved statsforvaltaren Frank Madsøy, fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise, Rita Dyrnes Flatvad, Knut Flatvad, landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og ordførar i Sunndal kommune Ståle Refstie.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Eitt år etter at dei fekk Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal, har dei no fått Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2025.
Prisen vart delt ut måndag 28. juli av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, under ei markering på den prisvinnande garden. I grunngjevinga frå juryen heiter det at ekteparet er «gode eksempel på korleis bønder kan bidra positivt på viktige område, som auka verdiskaping og å ivareta kulturminne, kulturlandskap og naturmangfald».
Flatvad og Dyrnes Flatvad har sidan 2005 drive garden som heiltidsbønder, med mjølkeproduksjon, svinehald, korn- og grasdyrking. Dei har rydda store kulturbeite, fjerna framande artar og sådd inn stadeigne blomar for å styrke levekåra for pollinerande insekt. I tillegg har dei tatt i bruk gamle seterområde til beiting.
Læringsarena for barn
Garden er også ein viktig læringsarena: I over ti år har dei hatt besøksgard for barnehagar og skular, der barn får lære om matproduksjon og dyrking. På tunet står tre SEFRAK-registrerte bygningar (SEFRAK= Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg) som vitnar om lang historie og levande kulturarv.
Prisen består av eit tresnitt av Hans Normann Dahl og 50.000 kroner frå Landbruks- og matdepartementet.