I Fagforum kan du lære meir om gamle skattar. Meld deg på!
Ola Hjelen
Fagforum er ei foredragsrekke med tema innan arkeologi, kulturminne og friluftsliv, arrangert av seksjon for kulturmiljø og friluftsliv. Arrangementa er opne for alle, og du kan delta digitalt på Teams, eller på Fylkeshuset i Molde.
Steinalderen i kjølvatnet av Ormen Lange
TID: Fredag 17. april kl. 14.00
Arkeolog Silje E. Fretheim frå NTNU Vitenskapsmuseet gir ei oppdatert og spanande innføring i kva vi har lært om steinalderen i regionen dei siste 20 åra – og kva som framleis er eit mysterium. Ho tek utgangspunkt i utgravingane knytte til Ormen Lange på Nyhamna, og følgjer utviklinga fram til heilt nye funn frå Nordmøre og Romsdal. Meld deg på her.
Dei eldste bygningane i Møre og Romsdal
TID: Torsdag 30. april kl. 14.00
Arkitekt Ola Hjelen fortel om nye og overraskande funn av meir enn 400 år gamle bygningar i fylket. Gjennom årringsdatering og grundige bygningsundersøkingar har vi fått heilt ny kunnskap om alder, byggeskikk og historie. Her får du også tips om kva kjenneteikn du kan sjå etter for å kjenne igjen den eldste bygningsarven vår. Meld deg på her.
Forvaltning av kulturminne under vatn i Møre og Romsdal
TID: Måndag 18. mai kl. 14. 00
Staale Normann frå NTNU Vitenskapsmuseet gir eit innblikk i kulturminne som ligg skjult under vassflata. Foredraget tek for seg korleis slike kulturminne blir dokumenterte, forvalta og tekne vare på – i eit fylke med lang kystline og rik maritim historie. Meld deg på her.
Frihandsmodellerte fasadeornament
TID: Torsdag 28. mai kl. 14.00
Gipsmakar Peder Alme tek oss med inn i eit sjeldan og verneverdig handverk. Han er ein av under 20 gipsmakarar att i landet, og i webinaret fortel han om arbeidet med frihandsmodellerte fasadeornament – særleg kjent frå jugendstilbebygginga i Ålesund. Her får vi innblikk i både handverket og restaureringsarbeidet bak nokre av byens mest karakteristiske fasadar. Meld deg på her.
Middelaldergraffiti i Møre og Romsdal og omegn
TID: Fredag 12. juni kl14.00
Foredragsrekka blir avslutta med middelaldergraffiti – rissa spor etter menneske som levde for fleire hundre år sidan. Karen Langsholt Holmqvist frå NLA Høgskulen tek oss med inn i eit lite kjent, men fascinerande kulturminnefelt. Nærare omtale av innhaldet kjem seinare. Meld deg på her.
Enten du er fagperson, student eller berre nysgjerrig på historia rundt deg, er dette ei gyllen moglegheit til å lære meir – heilt gratis. Velkomen til Fagforum!
Ønsker du å møte opp fysisk, send e‑post til kristoffer.dahle@mrfylke.no.