Fram mot 2040 veks folketalet i fylket med 3,0 prosent, frå 270.624 innbyggarar i 2024 til 278.653 i 2040.
SSB lagar annakvart år nye framskrivingar av folketalet i Noreg. Resultata frå framskrivingsmodellen viser kva som skjer dersom alt hovudsakleg held fram slik som før. Det betyr at befolkninga følger dei demografiske trendane SSB har observert den siste tida. Dette betyr at SSB ikkje tar direkte omsyn til framtidige planar som infrastrukturprosjekt og bustadbygging.
Framskrivingane er viktige i den langsiktige planlegginga på alle forvaltningsnivå og for næringslivet. Dei er til dømes viktige for å kunne dimensjonere vare- og tenesteproduksjonen på eit riktig nivå. Framskrivingane bygger på demografiske føresetnader som fruktbarheit, dødelegheit, innanlandsflytting og prognosar for nettoinnvandringa framover.
Kjelde: SSB
Dei nasjonale framskrivingane viser ein sterkare vekst for landet som heile. Med ein vekst i folketalet nasjonalt på 8,0 prosent, nærmar folketalet i Noreg seg 6 millionar i 2040.
Sterkast vekst blir det i Aukra kommune, med ein vekst i folketalet fram mot 2040 på 14,7 prosent. Ifølge prognosane til SSB vil Volda, Sula og Giske få ein vekst i folketalet på 11,2, 9,3 og 8,0 prosent. 18 av kommunane i fylket vil i denne perioden få vekst i folketalet, mens prognosane viser nedgang i ni kommunar. Størst nedgang i folketalet meiner SSB det blir i Vanylven kommune med ein nedgang i folketalet på -8,7 prosent.
Tabell «Folketalet i Møre og Romsdal, framskriving 2040»:
Kommune | 2024 | 2040 | Endring i tal personar | Endring i prosent |
---|
Kristiansund | 24.404 | 24.585 | 181 | 0,7 |
Molde | 32.816 | 34.409 | 1.593 | 4,9 |
Ålesund | 58.509 | 61.356 | 2.847 | 4,9 |
Vanylven | 3.026 | 2.763 | -263 | -8,7 |
Sande | 2.438 | 2.397 | -41 | -1,7 |
Herøy | 8.968 | 8.728 | -240 | -2,7 |
Ulstein | 8.861 | 9.540 | 679 | 7,7 |
Hareid | 5.322 | 5.628 | 306 | 5,7 |
Ørsta | 10.958 | 10.698 | -260 | -2,4 |
Stranda | 4.348 | 4.302 | -46 | -1,1 |
Sykkylven | 7.617 | 7.111 | -506 | -6,6 |
Sula | 9.720 | 10.628 | 908 | 9,3 |
Giske | 8.691 | 9.387 | 696 | 8,0 |
Vestnes | 7.147 | 7.187 | 40 | 0,6 |
Rauma | 7.299 | 7.422 | 123 | 1,7 |
Aukra | 3.678 | 4.218 | 540 | 14,7 |
Averøy | 5.955 | 6.338 | 383 | 6,4 |
Gjemnes | 2.700 | 2.897 | 197 | 7,3 |
Tingvoll | 3.041 | 3.136 | 95 | 3,1 |
Sunndal | 7.227 | 7.070 | -157 | -2,2 |
Surnadal | 5.953 | 5.597 | -356 | -6,0 |
Smøla | 2.159 | 2.197 | 38 | 1,8 |
Aure | 3.408 | 3.334 | -74 | -2,2 |
Volda | 11.093 | 12.336 | 1.243 | 11,2 |
Fjord | 2.492 | 2.510 | 18 | 0,7 |
Hustadvika | 13.437 | 13.484 | 47 | 0,3 |
Haram | 9.357 | 9.395 | 38 | 0,4 |
Møre og Romsdal | 270.624 | 278.653 | 8.029 | 3,0 |
Landet | 5.550.203 | 5.993.766 | 443.563 | 8,0 |
Fylket får fleire eldre som følge av dei store fødselskulla i tiåra etter krigen, samtidig går talet på barn og unge ned. I 2027 vil talet på eldre over 65 år i fylket passere talet på barn og unge i alderen 0-19 år. Talet eldre over 80 år vil i 2040 vere 79,8 prosent høgare enn i dag, tilsvarande vil veksten vere 80,7 prosent for landet.
Tabell «Personar 80 år og eldre, framskrive til 2040»:
Kommune | 2024 | 2040 | Endring i tal perosnar | Endring i prosent |
---|
Kristiansund | 1.205 | 2.411 | 1.206 | 100,1 |
Molde | 1.782 | 3.263 | 1.481 | 83,1 |
Ålesund | 2.622 | 4.880 | 2.258 | 86,1 |
Vanylven | 241 | 388 | 147 | 61,0 |
Sande | 166 | 260 | 94 | 56,6 |
Herøy | 510 | 881 | 371 | 72,7 |
Ulstein | 417 | 747 | 330 | 79,1 |
Hareid | 253 | 493 | 240 | 94,9 |
Ørsta | 634 | 1.117 | 483 | 76,2 |
Stranda | 335 | 432 | 97 | 29,0 |
Sykkylven | 432 | 788 | 356 | 82,4 |
Sula | 425 | 832 | 407 | 95,8 |
Giske | 392 | 744 | 352 | 89,8 |
Vestnes | 377 | 767 | 390 | 103,4 |
Rauma | 460 | 713 | 253 | 55,0 |
Aukra | 204 | 326 | 122 | 59,8 |
Averøy | 330 | 637 | 307 | 93,0 |
Gjemnes | 136 | 292 | 156 | 114,7 |
Tingvoll | 229 | 324 | 95 | 41,5 |
Sunndal | 440 | 788 | 348 | 79,1 |
Surnadal | 409 | 648 | 239 | 58,4 |
Smøla | 149 | 259 | 110 | 73,8 |
Aure | 216 | 381 | 165 | 76,4 |
Volda | 622 | 991 | 369 | 59,3 |
Fjord | 213 | 305 | 92 | 43,2 |
Hustadvika | 658 | 1 270 | 612 | 93,0 |
Haram | 554 | 974 | 420 | 75,8 |
Møre og Romsdal | 14.411 | 25.911 | 11.500 | 79,8 |
Landet | 256.485 | 463.404 | 206.919 | 80,7 |
Forholdet mellom talet på personar i yrkesaktiv alder (20-64 år) og eldre over 65 år vil endre seg mykje, noko den sterke veksten i talet på eldre er hovudårsaka til. I 2010 var det i Møre og Romsdal 3,5 personar i yrkesaktiv alder i forhold til eldre over 65 år, i 2040 er dette redusert til 2 personar. Dette vil sjølvsagt påverke samfunnet og korleis vi i framtida skal løyse viktige oppgåver. Auka effektivitet gjennom digitalisering, robotisering og andre strukturelle tiltak vil presse seg fram. Det er mykje som talar for at vi dei neste tiåra, som følgje av endringa i befolkningssamansettinga, må finne andre og meir effektive måtar å løyse viktige samfunnsoppgåver på.
På SSB sine nettsider kan du lese saka «2 av 3 kommuner vokser fram mot 2050».
SSB har også laga framskriving på kommunekart.