Stig Helle-Tautra i FRAM og Karine Nordseth i Nobina har signert kontrakt for ny rutepakke.
Kristine Vikhagen
Kontrakten gjeld i perioden 1. januar 2027 - 7. oktober 2040, og omfattar omfattar 35,5 millionar rutekilometer over perioden som skal køyrast av 50 elektriske bussar.
Avdelingssjef i FRAM, Stig Helle Tautra, fortel at Nobina AS har fått tildelt anbodet etter fleire forhandlingsrundar, og var best både på pris og kvalitet.
Vi synes det er kjekt at nye operatørar vinn anbod, og vi ser fram til eit godt samarbeid. Avtalen markerer et betydeleg steg i retning av nullutslepp i kollektivtransporten i Møre og Romsdal, seier han.
Med 13 000 medarbeidarar i fire land er Nobina Nordens største selskap innan kollektivtrafikk.
Det er eit krav frå sentrale myndigheiter om nullutslepp på bussdrifta, og når kontrakta starter opp i 2027 vil Møre og Romsdal til saman ha om lag 200 elektriske bussar. Kontraktsverdien er på 1,835 milliardar. Kristine Vikhagen er prosjektleiar i FRAM, og ho er fornøgd med god deltaking i anbodskonkurransen.
- Nobina vil frå 2027 bidra til at vi får ein stor reduksjon i CO₂ utsleppa frå offentleg bussdrift, noko som er svært positivt, seier Vikhagen.
Kontrakten har viktige miljø- og driftsmål:
- Kun elektriske bussar i flåten.
- Ladeinfrastruktur blir bygd på 9 bussanlegg og stasjoneringsstader.
- Tildeling har vorte gjort med vekt på pris og kvalitet, med særleg fokus på sikkerheit og komfort for passasjerane.
Karine Nordseth er administrerande direktør i Nobina AS. Ho seier at dei gler seg til å samarbeide med FRAM og tilby innbyggarane i Møre og Romsdal enda fleire moglegheiter for bærekraftige, trygge og behagelege reiser.
- No ser vi fram til å ønske dei nye passasjarene velkommen om bord, seier Nordseth.
Stig Helle-Tautra og Karine Nordseth signerte kontrakta på det som heiter “rutepakke 7” i Molde 2. juli, og markerte med dette starten på eit nytt samarbeid. Fylkestinget kjem tilbake til endelig finansiering av rutepakken i Økonomiplan for 2027.