FRAM og Vy buss inngår kontraktar for 3,3 milliardar

Vy buss har vunne anbodskonkurransen om drift av kollektivtrafikken på søre Sunnmøre og FRAM ekspress. Kontraktane har ein verdi på om lag 3,3 milliardar kroner til saman. Avtalen blei signert onsdag 4. september.  

To personar signerer papir - Klikk for stort bileteSamferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig og regiondirektør Midt-Norge i Vy buss, Heidi Renolen signerer kontrakt. Susanne Aare Dahl

Kontraktane er nokre av dei største i fylket og gjeld for store delar av Sunnmøre utanom Ålesund. I tillegg inngår FRAM ekspress mellom Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.

Miljøsatsing

- Vi er glade for at det blir nye og miljøvenlege bussar til fleire av distriktskommunane på Sunnmøre, og ikkje berre i byane, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.  

Overgangen til elektriske bussar gjer at det må etablerast ladeinfrastruktur, noko som er eit omfattande arbeid. I tillegg til satsinga på miljø har kontraktane hatt fokus på sikkerheit både for passasjerar og sjåfør.

- Dette er ei stor satsing på nullutslepp, noko som er viktig både for oss og for miljøet. Vi veit at mange er opptatt av tilbodet på FRAM ekspress gjennom fylket, og med den nye kontrakten vil vi også få elektriske langrutebusser med høg passasjerkomfort, seier Helle-Tautra.

Ser fram til å vidareutvikle tilbodet

Anbodskonkurransen hadde tre tilbydarar, der Vy Buss no har signert avtalen. Heidi Renolen er regiondirektør Midt-Norge i Vy buss. Ho fortel at dei er svært glade for å ha vunne begge kontraktane.  

- Dette er område vi også driftar i dag, og vi gler oss til å vere med på å vidareutvikle tilbodet i åra som kjem, seier ho.  

Avtalane strekk seg over nærmare 10 og 13 år, og blei signert av samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig og Heidi Renolen.