FRAM sett inn pendlaravgangar til ny-sjukehuset på Hjelset

FRAM har i dag to ekstra bussavgangar mellom Kristiansund og Hjelset. For å legge til rette for arbeidspendling, blir desse frå 1. mai tilpassa arbeidstidene på ny-sjukehuset i størst mogleg grad. Det blir også sett inn ein ny kveldsavgang frå same dato.

Kvinne med laptop på fanget om bord i ein buss. - Klikk for stort bileteEkstraavgangane skal legge til rette for arbeidspendling med buss til det nye sjukehuset på Hjelset. Tingh

Ekstraavgangane gjeld busslinje 100, og vil gå tur-retur mellom Kristiansund og Hjelset 365 dagar i året.

Også rutetabellen til linje 714 Molde–Kleive får nokre justeringar for å treffe med arbeidstidene på sjukehuset.

Tilrettelagd for arbeidspendling

Med dei nye avgangane, vil FRAM ha busstilbod til og frå alle dei tre vaktskifta på sjukehuset, inkludert kveldsvaktene. Endringane er spesielt tilrettelagt for arbeidspendling, men alle reisande kan bruke tilbodet.

I tillegg til linje 100 og 714, køyrer også 902 og 905 innom på Hjelset.

Har kartlagt behov og tidspunkt

– Vi er svært glade for å kunne gje eit tilbod som gjer kvardagen enklare for pendlarane, seier avdelingssjef i FRAM, Stig Helle-Tautra.

– Det er viktig for oss å få på plass ei fungerande løysing, slik at det blir enklare å reise kollektivt. Vi har hatt god dialog med sjukehusleiinga for å kartlegge behov og konkrete tidspunkt for avgangane.

Heidi Nilsen, viseadministrerande direktør i Helse Møre og Romsdal er godt fornøgd med at FRAM styrker busstilbodet både for tilsette og pasientar som skal til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

– Vi har over tid hatt god dialog med fylkeskommunen for å sikre eit godt busstilbod til og frå SNR og vi vil oppmode alle som treng transport til Hjelset om å teste ut busstilbodet, seier Nilsen.

Slik blir rutetidene  for pendlaravgangane

Frå Kristiansund til Hjelset:
Kl. 06.20, 13.15 og 20.30

Frå Hjelset til Kristiansund:
Kl. 08.10, 15.15 og 22.15 (kl. 22.40 på laurdagar)