150 elevar ved Spjelkavik vgs deltok på ulike aktivitetar.
Sunnmøre friluftsråd
Dagen blir fylt med foredrag, aktivitetar og møte med lokale friluftsorganisasjonar – der elevane får oppleve kor enkelt og meiningsfullt friluftsliv kan vere.
Organisasjonane stiller med både fagfolk og aktivitetar, men innhaldet blir til i samarbeid med kvar enkelt skole. Til no er det Ørsta vidaregåande skule og Spjelkavik videregående skole som har gjennomført ein friluftslivsdag, til hausten blir det liknande arrangement på andre vidaregåande skolar.
Spjelkavik videregående skole var storfornøgd med gjennomføringa av sin friluftsdag.
Henrik Tveter er lærar ved linja for friluftsliv ved skolen. Han var fornøgd med dagen. Han fortel at dei fekk besøk av Sunnmøre Friluftsråd, DNT Sunnmøre og Norges Jeger- og Fiskerforbund.
- Det var 150 elevar som fekk ta del i dei ulike aktivitetane. Elevane syntest det var gøy å gjere meir enn berre å gå ein tur. Til vanleg har vi tradisjonelle turdagar, men dette var meir omfattande.
Bruk naturen for å kople av
Ungdomane fekk mellom anne testa førstehjelp, korleis lage mat på bål og korleis trene i naturen. Dei fekk også kjenne på korleis ein kan bruke friluftsliv for å kople ut og berre vere til stades.
- Elevane er vanedyr, men eg trur dei fekk auga opp for at ein kan ha ein aktiv kvardag også utanom dei organiserte aktivitetane. Mange er med i idretten, men her fekk dei sjå at det er mange måtar ein kan trene på, seier Tveter. Han meiner at dei fekk mykje ut av dagen, sjølv om han blei heldt på eit avgrensa område rundt Spjelkavik Arena.
- Berre det å bli introdusert for friluftslivsmiljø er nyttig. Det er ikkje alle som veit om moglegheitene om ein ikkje kjenner nokon som driv med det frå før.
På tur må du by på deg sjølv
Ein av dei som var på aktivitetspost var Lasse Hoel frå DNT Sunnmøre.
- Det elevane fekk sjå og oppleve i dag er jo berre ein dråpe i havet av det ein kan finne på i naturen, men eg trur elevane syntest det var kjekt. Når du reiser på telttur eller hyttetur må du by på deg sjølv og det er ein viktig lærdom i ungdomsalderen, seier Hoel.
- Vi håpar å inspirere skolane til fleire friluftsaktivitetar og tettare samarbeid med dei ulike friluftslivsorganisasjonane, og at elevane blir inspirert til å bruke naturen i fritida si.
Kostnadsfrie arrangement for skolane
Arrangementa på skolane blir finansiert gjennom fylkeskommunale midlar som frivillige organisasjonar er tildelt for å markere Friluftslivets år 2025. Oversikt over alle tildelingane finn du her:
33 lag og foreiningar får 1,5 mill. kroner til å markere Friluftslivets år
Ta kontakt med rådgivar Petter Jenset for meir informasjon.