Friluftsråda vart tildelt Miljøprisen 2024

Til ståande applaus frå fylkestinget fekk friluftsråda i Møre og Romsdal overrekt det synlege beviset på at dei er tildelt Miljøprisen 2024.

Prismottakarane. - Klikk for stort bileteFrå venstre leiar i kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth, dagleg leiar Ola Fremo i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, fagleiar marin forsøpling Malin Therese Fiksdal i Sunnmøre Friluftsråd, dagleg leiar Sunnmøre Friluftsråd Anne Berit Støyva Emblem, Randi Kjærstad Hagerup (Sunnmøre Friluftsråd), Malin Giske (Sunnmøre Friluftsråd), Linda Bakken (Sunnmøre Frilftsråd) og fylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Det var kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune som måndag 11. november vedtok å tildele Miljøprisen 2024 til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd.

Nominert kvar for seg

Leiar i kompetanse- og næringsutvalet, Geir Asle Stenseth, og fylkesordførar Anders Riise delte ut prisen i fylkestinget måndag. Utvalsleiar Stenseth rosa skjergardstenesta sitt bidrag med rydding av marin forsøpling. Og han røpte at råda kvar for seg var nominert til prisen, men eit einstemmig kompetanse- og næringsutval valde å gi årets miljøpris til begge friluftsråda:

– Kompetanse- og næringsutvalet meiner engasjementet til friluftsråda med rydding av marint avfall er av stor betyding for regionen, og dei viser eit særleg fortenestefullt arbeid innan forureining og berekraftig utvikling. Friluftsråda er ein verdig vinnar av Miljøprisen 2024, som er eit jubileumsår for høvesvis Sunnmøre Friluftsråd som er 50 år i år, og for Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som er 25 år neste år, sa Stenseth.

Prismottakarane. - Klikk for stort bileteFagleiar marin forsøpling Malin Therese Fiksdal i Sunnmøre Friluftsråd takka for prisen. Per-Kristian Bratteng

Anerkjenning for arbeidet

Fagleiar marin forsøpling, Malin Therese Fiksdal, takka på vegner av Sunnmøre Friluftsråd:

– Tusen takk for prisen. Den kom veldig uventa, men det var veldig kjekt. Det er ei stor ære for oss å få anerkjenninga for arbeidet vi gjer mot marin forsøpling. Prisen deler vi med alle dei tusena av frivillige som vi har hatt med oss ut på rydding gjennom mange år, sa Fiksdal. Ho sa at Sunnmøre friluftsråd i 2024 har registrert 9.000 dugnadstimar fordelt på meir enn 3.000 frivillige. Og frivillige har i snitt rydda 60 tonn plast kvart år.

– Marin forsøpling er ei stor utfordring, og vi føler vi er ein del av løysinga, sa ho.

Takka på vegner av fleire

Dagleg leiar Ola Fremo i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal ga uttrykk for stor glede over å ha fått prisen:

– Tusen takk for tildelinga av Miljøprisen 2024. Dei to friluftsråda har fått tildelt prisen på vegner av befolkninga og på vegner av dei utroleg mange prosjekta som har gått føre dei siste åra for å gjere det mogleg å rydde, om ikkje alt, men utroleg mykje av strendene i Møre og Romsdal, sa Fremo. Han trakk spesielt fram samarbeidspartnarane Hustadvika Adventure og Plastjegarane på Smøla i dette arbeidet.