Frisvoll ny leiar av Nasjonal rassikringsgruppe

Randi Walderhaug Frisvoll frå Møre og Romsdal er vald til ny leiar av Nasjonal rassikringsgruppe.

Bilde av Randi Walderhaug Frisvoll. - Klikk for stort bileteRandi Walderhaug Frisvoll. Per-Kristian Bratteng

Frisvoll rykker opp frå rolla som nestleiar, og meiner arbeidet som gruppa gjer både er viktig og nødvendig:

– Mange fylke i landet har utfordringar med skredfare, og då treng ein påtrykket frå Nasjonal rassikringsgruppe for å synleggjere behovet. Og med klimaendringane har behovet for skredsikring berre auka. Med å vere leiar får eg moglegheit til å påverke arbeidet med rassikring enda meir, seier Frisvoll.

Nasjonal rassikringsgruppe er partipolitisk uavhengig og jobbar målretta for å gjere det tryggare å ferdes på riks- og fylkesvegane i Noreg. Mandatet er å sette rassikringsproblematikken på den politiske dagsorden, og auke midla som blir brukt til rassikringstiltak. Gruppa prioriterer ikkje prosjekt, men jobbar målretta for rassikring generelt.

Åtte av dei mest rasutsette fylka i landet er representert i Nasjonal rassikringsgruppe: Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland og Innlandet.