Frivilligheita slit med å få folk til å forplikte seg

Lag og organisasjonar er livsnerven i lokalsamfunna. Men tre av fire opplever at det vanskeleg å rekruttere frivillige til å fylle verv

Folk som lyttar til eit musikkorps - Klikk for stort bileteLag og organisasjonar slit med å få medlemmar til å ta på seg verv, viser frivilligheitsundersøkinga som vart gjennomført i sommar. Illustrasjonsfoto frå Averøya, Stavneset fyr, med musikkorps. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det viser den store frivilligheitsundersøkinga som var gjennomført i fylket i sommar. Seint i vår blei 3.162 lag og organisasjonar i fylket invitert til å svare på ei omfattande undersøking i regi av Telemarksforsking, på vegner av fylkeskommunen. 932 svarte, og nyleg blei nokre av hovudresultata presentert på fylkeskulturkonferansen.

-Organisasjonar i fylket rapporterer at det er vanskelegare å få folk til ta på seg verv enn det er å få dei til  å bidra i gjennomføring av aktivitetar, seier Hanna Nyborg Storm, seniorforskar i Telemarksforsking.

73 prosent seier det er vanskeleg eller svært vanskeleg verve medlemmer til å ta på seg verv.

Til samanlikning syns 39 prosent at det er vanskeleg å få frivillige til å bidra i gjennomføring av aktivitetar.

-Dette er ei stor utfordring for frivilligheita då vi treng dei som er villige til å ta på seg verv som går over litt lengre tid. Vi treng folk til å ta på seg verv for å ha kontinuitet og utvikling av dei frivillige organisasjonane våre. Det blir viktig å jobbe med korleis vi kan rekruttere, utvikle og dermed behalde dei frivillige framover, seier Rigmor Hustad Holen, som er seniorrådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Meir opptatt av hobbyar

35 prosent av organisasjonane meiner også at det er vanskeleg å rekruttere fleire medlemmar. Og det er særleg organisasjonar med samfunnsansvar som slit. Storm meiner denne tendensen er samanfallande med nasjonale tendensar.

- Det kan virke som at interesseorganisasjonar slit meir med rekruttering av medlemmar enn dei som jobbar med barn og unge, og at folk er meir opptatt av eigne interesser og hobby, enn av å ta eit samfunnsansvar, seier Storm.

Og det meiner ho er ei utfordring, ikkje minst fordi undersøkinga bekreftar kor viktige organisasjonane er som institusjonar og ressursar i lokalsamfunnet. Intervju med kommunane i forkant av undersøkinga bekreftar det same. Og i åra som kjem, meiner både kommunane og organisasjonane at det vil vere aukande behov for den frivillige innsatsen

- Med store demografiske utfordringar og ein pressa økonomisk situasjon, melder kommunar at dei treng hjelp frå dei frivillige til avlasting av dei kommunale kjerneoppgåvene, påpeiker forskaren.

Ein arena for samarbeid er eit anna behov organisasjonane seier at dei har.

- Mange rapporterer at dei har behov for tilrettelegging av møteplassar. Dei har også behov for gjensidig samarbeid, mellom kommunar og frivillige, og andre aktørar, seier Storm.

Det er altså ikkje midlane som er den største utfordringa blant organisasjonar, påpeiker forskaren.

-  Når organisasjonane rapporterer at rekrutteringa av frivillige er vanskeleg, kan det tolkast som om det er arbeidsinnsatsen folk fryktar. I staden for midlar, men kan ein då fokusere på hindringar og insentiv til å bidra og til rette legge for samarbeidsarenaer.

Nyttig kunnskap

Undersøkinga som vart avslutta i august er den mest omfattande som er gjort inn mot frivilligheita i fylket. Nasjonalt er det gjennomført liknande undersøkingar, men denne er likevel unik også i norsk samanheng. Totalt var det 29 prosent respondentar som svarte, noko forskaren meiner er ein solid svarprosent.

For kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen gir undersøkinga nyttig informasjon.

-  Målet med kartlegginga var å få betre innsikt i kva som kjenneteiknar frivilligheita i Møre og Romsdal og samspelet mellom frivillig og offentleg sektor. Undersøkinga både stadfestar og gir oss ny innsikt i kva rammevilkår frivilligheita har. Vi ser fram til at rapporten blir levert nærare jul, seier Wedlog Olsen.

Kartlegginga vil gi kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal ei betre oversikt over frivilligheita og kva samfunnsnytte frivilligheita har. Håpet er at ho vil tene som kunnskapsgrunnlag for politiske prioriteringar og planar i åra som kjem.