Frukostwebinar: gateutforming, byarkitekt og kunst i byen

Vi inviterer kommunar, næringsforeiningar og andre som er interesserte i by- og tettstadutvikling til digitale frukostmøte. 

Turkis kunstinstallasjon i bysentrum. - Klikk for stort bileteKan kunst i byen gi ei ekstra utviklingskraft, spør vi på webinar, med Molde sentrum som illustrasjon. Møre og Romsdal fylkeskommune

Denne våren tar vi for oss verktøy og ressursar som på ulike vis kan bidra positivt for framtidas tettstadar og byar.

25. februar: Frå veg til gate? – kva seier vegnormalane?

 Innleiar: Shawnem Abdulkarim Abdulkader, Statens vegvesen

Shawnem Abdulkarim Abdulkader arbeider med berekraftig mobilitet og byutvikling i Statens vegvesen. I dette webinaret vil ho fortelje om korleis gater kan planleggast, og kva handlingsrom som finst for å utforme gode og stadtilpassa gate. Ho tar utgangspunkt i Statens vegvesen sin rettleiar, som først og fremst er eit verktøy i tidleg planfase og for å gjere nødvendige avklaringar og prioriteringar som grunnlag for vidare detaljering.  Shawnem vil og presentere døme på gateutforming tilpassa ulike situasjonar.

Du kan melde deg på her. 

18. mars: Verktøy for kvalitet i arkitekturen – PLAN A i Stavanger kommune

Innleiar: Henrik Lundberg, Byarkitekt i Stavanger

I 2024 hadde vi besøk av Byarkitekten i Indre Østfold på eit frukostwebinar. Då fekk vi innsikt i kva ein byarkitekt kan bidra med i ein kommune, og korleis ein slik ressurs kan bidra til god by- og stadutvikling. No dykkar vi lenger ned i dette temaet og følgjer opp med eit innlegg frå Byarkitekten i Stavanger - Henrik Lundberg, og får høyre korleis han og Stavanger kommune jobbar. Dei har blant anna utarbeidd eit verktøy for korleis dei konkret kan bidra til at prosjekta og planane støttar måla om gode byområde og gode bumiljø. Vi skal få høyre om dette verktøyet, som dei kallar Plan A

Du kan melde deg på her. 

8. mai: Kunst som utviklingskraft i stadutviklinga

Innleiar: Ellen Marie Fodstad, kunstrådgivar i Bærum kommune

«Å møte kunsten på nye og ofte uventede steder gjør livet bedre! Våre felles offentlige rom får en ny dimensjon (…)», Lubna Jaffery, Kultur- og likestillingsminister

Korleis kan kunst og kunstnarar bidra når vi planlegg framtidas tettstader og byer? Fleire kommunar rundt i landet utforskar og har ei sterk interesse for å gjere kunstnarsamarbeid til eit viktig element i sine stadutviklingsprosjekt. Kunst skal ikkje lenger vere berre vere pynten på kaka, men ei utviklingskraft. Men korleis får vi det til? Korleis kan kunstnarar samarbeide med planleggarar og ha ei rolle i dette arbeidet?

I dette webinaret vil vi sjå korleis kunst kan vere ein utviklingskraft i stadutvikling.

 Du kan melde deg på her.