Frukostwebinar i regi av Program for by-og tettstadutvikling

Vi inviterer kommunar, næringsforeiningar og andre som er interesserte i by- og tettstadutvikling til digitale frukostmøte. 

Denne hausten tar vi for oss sosial berekraft i stadutviklinga, strategi og eigedomsutvikling i kommunal regi og korleis arkitektar tenker om stadutvikling. 

Bilde av uterom og fasaden av eit bygg - Klikk for stort bilete Per-Kristian Bratteng

11. sept:  Sosial berekraft i stadutviklinga – korleis spelar medverknad ei viktig rolle i planlegginga? 

Innleiar: Karoline Birkeli- Gauss, planleggar, Våre steder.

Medverknad er lovfesta og skal vere ein integrert del i alle planprosessar. Men det kan vere utfordrande å engasjere og skape dei gode medverknadsarenaene. Planleggaren skal gjerne utarbeide eit opplegg for medverknad, vera ein god prosessleiar men og som fagperson vurdere innspela sin relevans for planen.

I dette seminaret får vi konkrete tips til korleis vi kan definere handlingsrommet for medverknad og korleis vi tilpassar metodane til ulike plannivå og kva ein ønskjer å oppnå.

Karoline Birkeli-Gauss er planleggar og gründer av Våre steder. Ho har erfaring som rådgivar innanfor medverknad og prosess i planprosessar, har undervist i stadutvikling på NMBU og vore fagansvarleg for sosial berekraft i Asplan Viak.

Påmelding innan 8. september. Du vil få tilsendt teamslenke til webinaret nokre dagar i forkant.

22. oktober: Strategisk eigedomsutvikling i kommunal regi

Innleiar Grete Kvinnesland, Stavanger Utvikling

Stavanger kommune har utmerka seg ved å ta eit aktivt grep om bustadutviklinga for å møte sosiale og demografiske utfordringar. Prosjektet Vålandstun seniorboliger blei til gjennom ein kommunal initiert prosess som mellom anna inkluderte arkitektkonkurranse. I dette webinaret vil Stavanger kommune fortelje om korleis dei går fram og om kva som krevst for å sette fart på utvikling av kommunen sine tomter.

Grete Kvinnesland er sivilarkitekt og prosjektsjef i Stavanger Utvikling, eit kommunalt eigedomsselskap med ansvar for å gjennomføre kommunen sin bustadpolitikk. Grete Kvinnesland har vore engasjert i by- og bustadutvikling som tilsett arkitekt i Stavanger kommune sidan tidleg 1990-tal.

Påmelding innan 17. oktober. Du vil få tilsendt teamslenke til webinaret nokre dagar i forkant.

20. november: Wesselkvartalet Asker. Arkitektens gjennomgang

Innleiar: Arkitekt Martin Blum-Jansen, partnar i Vigsnæs + Kosberg Arkitekter

Wesselkvartalet er i skrivande stund ein av 5 finalistar i Statens nyoppretta arkitekturpris. Bustadprosjektet i Asker sentrum har nærast blitt tatt i mot med unison begeistring. Lokalbefolkninga er positiv, og prosjektet har til og med fått tomlar opp frå Arkitekturopprøret, skriv fagbladet Arkitektnytt. Suksessen bygger på eit samarbeid mellom ein visjonær kommune, ein lokal utbyggar med patriotkapital og arkitektar som har fått ansvar og spelerom. I dette webinaret vil arkitekt Martin Blum-Jansen frå Vigsnæs + Kosberg Arkitekter fortelje om et korleis dei løyste oppgåva med eit sentrumskvartal med bustad- og forretningsformål som også skapar ein stad. Kva er vilkåra for å oppnå kvalitet? og kva kan vi lære av dette prosjektet?

Påmelding innan 17. november. Du vil få tilsendt teamslenke til webinaret nokre dagar i forkant.