Hans Olav Myklebust stod for snorklippinga.
Else Britt Ervik
I februar blei ei ny og større ferje sett inn på sambandet, men den offisielle markeringa fann stad på Larsnes torsdag 27. mars, i ekte sunnmørsver. Alle kaiene i sambandet har blitt oppgraderte, eller bygd heilt nye. Arbeidet har gått føre seg i om lag halvanna år frå våren 2023.
- Med oppgraderingane har det blitt betre løysingar for trafikken på land, og det har blitt mogleg å sette inn ei større ferje med betre kapasitet.
Dette sa leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Olav Myklebust (FrP). Han fekk det ærefulle oppdrag å klippe snora, og markerte med det kaiene for offisielt opna.
- Det er viktig at ting er føreseieleg og stabilt for både næringsliv og dei som bur her, så vi er glade for eit nytt og oppgradert anlegg, sa Myklebust.
Kompliserte konstruksjonar
Kaiene i sambandet mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven, var stort sett rundt 40–50 år gamle. Dei stod føre nødvendige oppgraderingar, både på grunn av tilstanden, og fordi ei større ferje skulle inn på sambandet.
- Det er kompliserte byggverk vi har med og gjere, sa Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Kaiene skal tole å bli dulta borti mange gongar om dagen. Og det er kompliserte konstruksjonar både over og under vatn, sa han.
Sambandet har vore opent i nesten heile byggeperioden, noko som har vore utfordrande. Tønnesen fortalte at dei har jobba for å finne gode løysingar saman med kommunane, entreprenøren Aurstad tunnel AS og fylkeskommunen sitt kollektivselskap FRAM.
Det er viktig med godt samarbeid i lokalsamfunnet, då får vi til dei beste løysingane, sa Jesper Wiig, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Vi takkar innbyggarane for tolmodet i byggeperioden, og er glade for å ha på plass nye, trygge ferjekaier.
God stemning på kaia
Gursken skulekorps, Gursken brass og Sandsøy hornmusikk sette ei fin ramme rundt opningsmarkeringa. Larsnes IL stilte opp med nyoppussa kro, der det blei servert kaker og kaffe.
Ordførar Dag Vaagen (H) takka på vegne av Sande kommune både for eit vellukka prosjekt og ein fin festdag.
- Arbeidet blei ferdig innanfor tidsrammene, og vi set pris på at det var ferjedrift gjennom heile byggeperioden. Det var ein kompleks logistikk, sa han.
Nils Olav Moen (INP) slutta seg til orda frå Vaagen. Moen sit i formannskapet i Vanylven kommune, og representerte den sida av ferjesambandet. Han sit også i samferdselsutvalet i fylkeskommunen.
- Det har blitt eit flott og oppgradert anlegg, med ny, moderne ferje og betre løysingar på land. Når vi får justert dei siste småtinga enkelte stader, blir dette veldig bra.
Alle talarane nytta anledninga til å takke både Norled og Aurstad tunnel AS for godt arbeid. Sistnemnde er ferdig med prosjektet og skal vidare, medan Norled har gleda av å bli verande for å drifte ferja mellom øyar og fastland i fleire år framover.