Full pott til Møre og Romsdal: Tok NM-gull i alle industrifaga

Møre og Romsdal markerte seg kraftig då Yrkes-NM i industrifag gjekk av stabelen i Kongsberg 10.–12. februar. Fylket tok gull i alle dei tre fagdisiplinane: industrimekanikar, sveising og automatisering. Resultata stadfestar regionen som ei kraft i norsk industrikompetanse.

I sveisarfaget vart det dobbelt jubel for fylket. Jakob Viddal Cummins frå Vard Søviknes tok gull, medan kollega Selma Marie Lerstad sikra sølvet. Begge kjem frå eit sterkt fagmiljø der fleire lærlingar kvalifiserte seg til finalen.

I industrimekanikarfaget gjekk Ane Rovde heilt til topps. Ho er lærling ved Finnøy Gear & Propeller og har bakgrunn frå teknologi- og industrifag ved Romsdal vidaregåande skole.

I automatiseringsfaget, der ein konkurrerer i lag, vart det nok ein siger til Møre og Romsdal. Tommy André Steinnes Slyngstad (Viddal Automation AS) og Henrik Vestnes Berge (Solwr Robotics AS) tok gullet og kvalifiserte seg til Yrkes-EM i Düsseldorf i 2027.

Opplæringskontora i regionen trekk fram både bedriftene og lærlingane som nøkkelen til suksessen:

– At vi hadde så mange som kvalifiserte seg, viser at fagopplæringa står sterkt i Møre og Romsdal. Og at vi er med der oppe år etter år, må vere eit bevis for at det blir gitt god opplæring ute i bedriftene, seier Marit Håhjem Voldstad, dagleg leiar i NÅOPP – fleirfagleg opplæringskontor for Sunnmøre og Romsdal. NÅOPP hadde med lærlingar som deltok i sveisar- og industrimekanikarfaget.

Dagleg leiar Ruth Astrid Rødal i OTEK Sunnmøre peikar på at langsiktig arbeid gir resultat:

– Sunnmøre har utmerka seg i internasjonal industrikompetanse. Dette er stas både for oss og for heile industrien. Eg er stolt av lærlingane som har drivkraft og tar seg tid til dette – og stolt av bedriftene som gir lærlingane tid til å øve og til å lære, seier Rødal. OTEK Sunnmøre-medlemsbedrifter hadde lærlingar i automasjonsfaget.

Målfrid Nesje, seksjonsleiar for opplæring i bedrift i fylkeskommunen, roser innsatsen:

– Dette viser at vi har mange gode lærebedrifter i fylket vårt, og arbeidet ilag med samarbeidsorgana fungerer godt. Det er stas at vi får slike resultat, som viser at kvar enkelt lærling og læreløp betyr mykje for bedriftene, seier Nesje.

Yrkes-NM fungerer som norsk uttak til internasjonale meisterskap. Noreg stiller med Yrkeslandslaget, som representerer landet i EM og VM — omtala som Noregs viktigaste landslag.

Yrkes-VM går av stabelen i Shanghai i september mens automatiseringslaget skal til Yrkes-EM i Dusseldorf i 2027.